Utanrikshandelen sin verdi

Utanrikshandelen var av stor verdi både for nasjonaløkonomien og forsyningssituasjonen. Verdien av den totale utanrikshandelen (summen av import- og eksportverdi) målt pr innbyggar var større i Noreg enn i noko anna europeisk land. Utanrikshandelen blei derfor eit viktig arbeidsområde for styresmakter og næringslivsorganisasjonar..

Clearing som handelssystem

Oversikt over clearingavtaler

Okkupasjonsmakta ga løyve til direkte clearingavtalar berre med Sverige og Danmark. Oppgjera Noreg hadde med andre land måtte gå gjennom Deutsche Verrechnungskasse, som også blei kalla den tyske sentralclearinga. På denne illustrasjonen framstår Deutsche Verrechnungskasse som vevkjerringa i spindelvevet. S-3944 Norges Bank. Clearing- og valutaarkivet. Serie Da L0002 Mappe 2.

Clearingsystemet blei introdusert i internasjonal handel på 1930-talet. Den viktigaste årsaka var nok mangel på fri valuta. Ved clearinghandel blir tilgodehava til landa avrekna mot kvarandre utan at pengar nødvendigvis skifter hender. Oppgjeret kan skje mellom nasjonalbankane i dei respektive land, eller mellom særskilde clearingkontor. Særleg Tyskland gjorde utstrekt bruk av ordninga. I 1934 blei det oppretta eit eige kontor, Deutsche Verrechnungskasse, for å avlaste Reichsbank i arbeidet med clearinghandelen. På norsk side skjedde clearinghandelen gjennom Noregs Bank. Informasjon om dette ligg i banken sitt arkiv.







 

Norges Clearinginstitutt

Utanrikshandelen i det tysk-dominerte Europa under krigen var hovudsakleg clearinghandel. Etter den tyske invasjonen måtte Noreg inngå clearingavtalar med handelspartnarane. Oppgjeret både med Tyskland og andre land skjedde stort sett gjennom Deutsche Verrechnungskasse, som ofte blei kalla centralclearingen.

Norges Clearinginstitutt blei oppretta hausten 1940 på grunn av det store omfanget clearinghandelen hadde fått. Men Noregs Bank tok seg framleis av ein del store og prinsipielle spørsmål i clearinghandelen. Informasjon om Norges Clearinginstitutt, bl.a. årsmeldingar, finst i departementråd Brinch sitt arkiv.

Varebyteavtalane

Vanlegvis blir clearingavtaler følgde av varebyteavtalar. Dei handlande landa blir einige om kva varer dei skal utveksle, og til kva verdi. På norsk side arbeidde varebytenemnda med slike spørsmål. Den blei oppretta av Administrasjonsrådet sommaren 1940. Sjølv om nemnda var i aktivitet berre nokre månader, var den viktig når det gjaldt å få i gang utanrikshandelen etter okkupasjonen. Det var særleg eksportnæringane som trong hjelp. Men tyskarane hadde heile tida full kontroll over varebyteavtalane, og kunne hindre at det blei eksportert eller importert produkt som dei sjølve hadde bruk for. Møtereferat frå Nemnda for Varebytte er oppbevarte i arkivet etter Direktoratet for eksport- og importregulering, saman med ein del handelsstatistikk. I dir. Bjerke sitt arkiv finst det varebyteavtalar med fleire land, og notat om norske eksport- og importønsker.

Elles var eksport og import underlagt krav om lisens. I arkivet til Direktoratet for eksport- og importregulering finst mykje konkret informasjon om utførsel og innførsel av varer.

Wehrmacht utnytta den norske clearingavtalen med Tyskland

Eit stort problem i varebytet med Tyskland var at Wehrmacht innførte mykje utstyr, for eksempel maskinar, via norsk clearing. Clearinghandelen var reservert norske interesser, og okkupasjonsmakta sin import var stikk i strid med dei avtalane som var inngåtte. Wehrmacht omgjekk avtalane blant anna ved å bruke norske firma som stråmenn. Eit notat i Clearing- og valutaarkivet i Noregs Bank seier at ”tyske myndigheter satte seg ut over sine egne bestemmelser, når dette var hensiktsmessig.” Notatet fortel også at ein kunne bli møtt med lita forståing av dei norske forretningsdrivande og at mange firma utan samvitsskruplar sette seg ut over betalingsavtalen, når berre firmaet sjølv kunne tene pengar. At desse pengane stamma frå Wehrmacht sin konto i Noregs Bank, sjenerte ikkje den forretningsdrivande.

Arkivet til Den norske Relief-Central i Sverige har rapportar om den handelspolitiske situasjonen i Noreg. Her er mange opplysningar om forsyningar, ernæring og varebyte.

Relevante arkiv i Arkivportalen

Norges Bank, Clearing- og valutaarkivet  

Handelsdepartementet, Dir. for eksport- og importregulering, Fellesarkivet  

Handelsdepartementet, Departementstråd Brinchs arkiv  

Handelsdepartementet, Dir. for eksport- og importregulering, Dir. Bjerkes arkiv  

Den norske Relief-Central i Sverige