Konvoi. Skip i sperresone.

Skip i sperresone. Fra PA-1209 NTBs krigsarkiv, Uf-120

Norsk sjøfart ved inngangen til 1940-talet var omfattande både når det gjaldt mangfold, størrelse og utbreiing. Handelsflåten var den fjerde største i verda. Den hadde moderne, effektive skip og var leiande på tanktonnasjeområdet. Kvalfangstflåten var tilsvarande verdsleiande på sitt felt med 13 av verdas totalt 40 kvalkokeri og meir enn 100 kvalbåtar. I tillegg kom ein stor fiskeflåte, fleirfoldige fraktefartøy og fritidsbåtar og ikkje minst ein monaleg ruteflåte med stor kapasitet. Ferdsel til havs er spesielt utsett i ufredstider. Dette fekk den norske skipsflåten og mannskapa smerteleg erfare i åra 1939-1945.