Tinglysingsmaterialet

Tinglysingsmateriale, som spenner frå tidleg 1700-tal til 1951, er oppbevart i statsarkiva. Dette arkivmaterialet er no tilgjengeleg for brukarar på Digitalarkivet.

Nyare tinglysingsarkiv er oppbevart hos Statens Kartverk. Tinglysingsmaterialet er å finne i arkiva etter sorenskrivarane på landet, og byfut og byskrivar i dei større byane. At eit dokument blir tinglyst/tinglest betyr at ein avtale, vanlegvis om fast eigedom, blir gjort kjent og offentleg stadfesta, slik at den får rettsvern. I tidligare tider vart dokumentet lest opp på tinget og deretter ført inn i rettsprotokollen, den første tida i tingboka, seinare i panteboka.   

Digitalarkivet er pantebøkene gjort tilgjengeleg for alle. Her finn ein også register til pantebøkene, som fram til 1935 er kalla panteregister, og etter 1935 heiter gammal grunnbok eller grunnboksblad. Pantebøkene og registra er førte av sorenskrivarane og arkiva er derfor inndelte etter sorenskriveri. 

Rask inngang til tinglysingsmaterialet

Den raskaste måten ein kan finne opplysningar om tinglyste dokument, er ved å starte med å gjere oppslag i sjølvbetent gammal grunnbok. Her vil ein finne dei tinglyste dokumenta for den enkelte eigedommen ordna etter kommune og gards- og bruksnummer. I registeret er dokumenta førte inn kronologisk. Før 1935 er arkivet ordna etter tinglysningsdato. Etter 1935 er det nytta dagbok-nummer kombinert med årstal som ordningsmåte. I sjølvbetent gammal grunnbok, kan ein søke etter dagens kommunestruktur og gards- og bruksnummer.

I panteregisteret og gammal grunnbok har kvart bruk ein eller fleire sider med opplysningar. Her er alle tinglyste dokument på kvar eigedom ført inn, og gjev opplysing om type dokument, tinglysingsdato, nummer på panteboka som sjølve dokumentet er ført inn i, og sidetal/folio i panteboka. I gammal grunnboka for perioden etter 1935 blir det vist til dagbok-nummer og år, men også her er tinglysingsdatoen viktig informasjon.

I gammal grunnbok vil du i tillegg til tinglysningsdato/dagbok-nummer få opplysningar om kva type dokument som er tinglyst, for eksempel skylddelingsforretning, utskiftingsforretning, skøyte eller liknande. Her vil du også få tilvising til pantebok-nummer og side/folio i panteboka. På høgre side kan det for eksempel stå 75-209. Det tyder protokoll 75 på side/folio 209. Øvst på første side av kvart grunnboksblad vil det også gå fram om eigedommen har høyrd til ein annan kommune tidlegare. For å finne meir informasjon om dette kan du også bruke dette registeret: Fylkesvise lister over endringar i kommunegrenser/sorenskriveri.

Panteregister

I panteregisteret er eigedommane for den eldste perioden inndelt etter løpe- eller matrikkelnummer, eller gammalt gardsnummer. I Digitalarkivet er det no lagt til rette slik at ein kan søke opp eigedomar i panteregisteret etter kommuneinndelinga i 1947. Det vil si at vi ofte kan bruke dagens kommuneinndeling.

Når det gjeld for eksempel Bergen kommune kan ein ikkje søke på gards- og bruksnummer i panteregisteret fordi inndelinga av eigedommane historisk var gjort på en annen måte enn i landkommunane. Her kan ein bla i panteregisteret eller søke i gammal grunnbok for å finne opplysningar. 

Korleis finne fram i panteboka

Etter å ha slått opp i panteregister/gammal grunnbok og notert ned viktige opplysningar om det aktuelle dokumentet, slik som tinglysingsdato, eventuelt dagbok-nummer og år (etter 1935) kan ein gå til panteboka for å finne det aktuelle dokumentet. Bruk lenka nedanfor og skriv inn kommune og årstal og trykk søk. Då får ein opp oversikt over protokollar som kan innehalde det aktuelle dokumentet. Vel protokoll og blad fram til riktig side. Ofte er det ført inn fleire dokument på kvar side i panteboka. Då må ein gjerne bruke gardsnamn eller gardsnummer for å identifisere dokumentet.

Dokument tinglyst etter 1935 finn ein enkelt ved hjelp av dagbok-nummer, tinglysings-dato og kommune. Skriv inn kommune og aktuell periode i skjemaet under lenka og trykk på søkeknappen. Då får ein opp ei liste med pantebøker. Til høgre i lista er det ei lenke som peiker direkte til innhaldslista for kvar pantebok. Der ligg det ein snarveg/lenke til det aktuelle dokumentet, eller lenke til tinglysingsdato (bruk bla-funksjonen).

Ein kan forstørre/forminske ved å bruke (+ -), ein kan bla med (< >) etc. Ved å trykke h når du står inne i pantebok-bildet vil du få opp hjelpetekst.

Dersom ein brukar elektronisk grunnbok vil det ofte bli lagt til eit prefiks til dagbok-nummeret slik som for eksempel 50-, 30- 900 eller liknande. Det er sjeldan meir enn fire siffer i eit dagbok-nummer, så dersom det er fleire, er det dei siste siffera som utgjer det riktige dagbok-nummeret. Dagboknummer som startar med 90, 91,80 eller 81 i elektronisk grunnbok er ofte fiktive dersom dei refererer til dokument eldre enn 1935. Ein må då bruke gamal grunnbok eller panteregister for å finne opplysningar om nummer på pantebok og sidetal.

Fallgruver

Av og til vil ein ikkje finne det aktuelle dokumentet i protokollen som registra viser til. Det kan for eksempel bli vist vidare til «skylddelingsprotokoll». Gå då tilbake til lista over aktuelle pantebøker og finn riktig protokoll innanfor det aktuelle tidsintervallet. Dersom ein ikkje har opplysningar om side/folio, må ein bla seg fram til tinglysingsdato/dagbok-nummer for å finne dokumentet.

Når det gjeld opplysningar om kraftlinjer finn vi ikkje dette i tinglysingsmaterialet som er avlevert til statsarkiva. Det er Statens Kartverk som oppbevare denne typen materiale. Heller ikkje alle skjønn finst i det tinglyste materialet. Skjønn kan vere B-sak hos sorenskrivaren/tingretten, lensmanns-skjønn i lensmannsarkivet eller jordskjønn i arkivet etter Landbruksselskapet.