Bergverksrekneskapane inneheld mellom anna opplysningar om lønnsutgifter, materialbruk og drift av teknisk utstyr. Dei kan også ha rekneskap over den skatten bergverka måtte betale, det vil seie kopar- og bergverkstiende. I tillegg finst der rekneskapar  for myntproduksjon.

Eit oversyn over rekneskapane frå dei ulike statlege bergverka finn du på Arkivportalen.

Hovudtyngda av bregverksrekneskapane i Rentekammeret sitt stammar frå Kongsberg Sølvverk. Blant desse er det også anna materiale frå Kongsberg, slik som ekstraskatten frå 1762 og andre ekstraskattar. Der er også rekneskapar for fattigvesenet og for sikt og sakefall.

Bergverksrekneskapar i andre arkiv
Arkivet etter Kongsberg Sølvverk og privatarkivet frå Modums Blaafarveværk har også rekneskapsmateriale. Vidare er det nokre bergverksrekneskapar i serien Bergverksvesen i Rentekammeret, Realistisk ordnet avdeling og i Overbergamtet sitt arkiv. Myntproduksjonsrekneskapar finst både i arkivet etter Den Kongelige Mynt og i serien Myntvesen i Rentekammeret, Realistisk ordnet avdeling.

Bergverksregnskap

Regnskapet for Eidsvoll gullkisgruve fra 1758 blir innledet med en detaljert rapport om den første organiserte letingen etter gull. Noen år før hadde arbeideren Ole Wiiborg funnet en liten gullklump, så stor som en grå ert. (Rentekammeret, Bergverksregnskaper, Eidsvoll gullkisgruves, pk. 1, EA-3222/Rch/L0001)