I byane blei det betalt skatt både til staten og til byen sjølv. Dei statlege skattane blei reviderte og oppbevarte i Rentekammeret, mens rekneskapa som gjaldt byen sine eigne inntekter og utgifter blei tekne hand om i Danske kanselli.

Byrekneskap i Rentekammeret

Dette er ein eigen serie med rekneskap for kongens inntekter frå byane. Bybefolkninga var pålagt færre faste skattar enn bøndene, men til gjengjeld måtte dei betale såkalla konsumpsjonsavgift. Rekneskapsmaterialet er ordna på kvar by og på somme ladestadar. Du finn ei oversikt over byrekneskapane på Arkivportalen.

For kvart år er rekneskapane delte inn i to eller tre hovudgrupper:

Ymse rekneskap, såkalla kontribusjonsrekneskap
Her vil du kunne finne lister med namn på skattebetalarane. Frå åra 1680-1762 er materialet sparsamt, for då blei det ikkje betalt faste årlege  skattar til kongen, berre ekstraskattar. Til desse høyrde parykk- og folkelønsskatten frå 1711 og ekstraskatten frå 1762. Den siste kan ha namn på alle medlemmane i husstanden som var over 12 år. I åra etter 1762 kom det fleire faste skattar, til dømes på rang, embete, eigedom og formue. Desse  skatterekneskapa har også personopplysningar. Frå dei siste åra av fellesskapstida kan ein nemne inntektskatten frå 1810 og eldstadskatten frå 1812.

Sikt og sakefall
Dette er rekneskap for dei såkalla uvisse rentene. Dei omfattar mellom anna  inntekter frå tvangsauksjonar, offentlege skifte og bøtelegging. Her kan ein også finne tilvisingar til rettssaker  eller skifte og  i ein del tilfelle er det  også vedlegg med tilleggsopplysningar.

Konsumpsjonsrekneskap
Konsumpsjon var eit fellesomgrep for fleire skattar og avgifter som blei pålagde befolkninga i 1680. Konsumpsjonsavgifta var ein del av dette. Det var ein slags toll på bestemte varer som blei innførde til byane. Det  blei det ført protokollar med opplysningar  om innbyggarane sine daglege kjøp av ein del matvarer og det finst også informasjon om vareparti som blei importerte til byane. Konsumpsjonsrekneskapa i byrekneskapane dekkjer berre åra ca. 1680-1705, etter det blei innkrevinga sett bort til private. Etter 1780 overtok det offentlege igjen, men då  blei ansvaret for konsumpsjonsavgifta lagt til Generaltollkammeret der det er ein eigen serie med konsumpsjonsrekneskap.

Byrekneskapsmateriale i andre arkiv i Rentekammeret
Ein del skattelister frå byane er skilde ut og lagde saman med andre arkivseriar:

  • Skattemanntal for byane sitt krigsstyr 1712-1720 og utrekningar av formue-, kopp-, heste- og vognskatt 1743 er i serien Skattevesen, Realistisk ordnet avdeling. I tillegg er der ein del anna materiale om skatt.
  • Manntala for formueskatten 1789 er i serien Skatteregnskap under Mindre regnskaper.
  • Oppmålingsprotokollar og oppebørselsregister for bygningsskatten frå 1802 ligg i serien Matrikler og jordebøker i Realistisk ordnet avdeling. Der kan ein finne oppmålinga av dei fleste bygningane i byane.

Byrekneskap i Danske kanselli

Revisjonen av rekneskapa for byane sine eigne inntekter og utgifter var lagt til Revisjonskontoret for kjøpstadsregnskap i Danske kanselli. I denne serien med rekneskap frå 1772 til ca. 1810 vil ein kunne få kjennskap til byane sin økonomi. Der er det også lister over dei innbyggjarane som betalte skatt til byen.

I 1711 ble det skrevet ut mange forskjellige ekstraskatter. Én av dem innebar en beskatning av parykker og fontanger, et kvinnelig hodeplagg. Det ble trykket opp egne selvangivelser der borgerne skulle oppgi hvem som brukte hva i deres husstand. Her ser vi en selvangivelse fra byregnskapet i Arendal der byens toller, Anthony Gynter Hillings, oppga at han brukte parykk og at hans kone brukte det som ble kalt et sett. Han ga også opplysninger om andre personer i husstanden.

I 1711 ble det skrevet ut mange forskjellige ekstraskatter. Én av dem innebar en beskatning av parykker og fontanger, et kvinnelig hodeplagg. Det ble trykket opp egne selvangivelser der borgerne skulle oppgi hvem som brukte hva i deres husstand. Her ser vi en selvangivelse fra byregnskapet i Arendal der byens toller, Anthony Gynter Hillings, oppga at han brukte parykk og at hans kone brukte det som ble kalt et sett. Han ga også opplysninger om andre personer i husstanden. (Rentekammeret, Byregnskap, Arendal, eske 227, EA-4066/Rl/L0227)



I konsumpsjonsregnskapene ligger det fortegnelser over alle varer som ble ført inn i byene fra landdistriktene rundt. Her ser vi at slakter Didrik Ellingssen fra Stavanger fraktet en gris og et slaktenaut inn i byen 2. januar 1684, mens Tollev Rosseland fra Time hadde med seg over en tønne havremel dagen etter.

I konsumpsjonsregnskapene ligger det fortegnelser over alle varer som ble ført inn i byene fra landdistriktene rundt. Her ser vi at slakter Didrik Ellingssen fra Stavanger fraktet en gris og et slaktenaut inn i byen 2. januar 1684, mens Tollev Rosseland fra Time hadde med seg over en tønne havremel dagen etter. (Rentekammeret, Byregnskap, Stavanger, eske 332, EA-4066/Ro/L0332)


 

Oppmålingsprotokoll fra Kristiania, 1802

I denne protokollen fra bygningsavgiften 1802 for Kristiania er alle bygningene i apoteker Niemanns gård på hjørnet av Kongens gate og Tollbodgaten nøyaktig beskrevet. Forbygningen var til beboelse og apotek, mens det var flere ”utbygninger” samt bakbygning til fjøs og stall. For hver bygning er det oppgitt antall etasjer og størrelse, målt i alen. Hele gården var verdsatt til 3500 riksdaler. (Rentekammeret, Realistisk ordnet avdeling, Matrikler og jordebøker, Byenes avgifter 1802, bd. 19 Kristiania, EA-4070/Nec/L0019)