Kyrkjerekneskapane blei førde av stiftsskrivarane og sende inn til Rentekammeret til revisjon. Du finn ein oversikt over kyrkjerekneskapane på Arkivportalen.

Frå Akershus stift og Stavanger amt er det bevart rekneskapar alt frå 1615, mens rekneskapane for Trondheim stift tek til omkring 1640 og for Bergen stift om lag 1660. Det finst også enkelte kyrkjerekneskapar i lensrekneskapane frå tida før 1660. Rekneskapane er nesten utan unntak frå landdistrikta, berre nokre få byar er med.

I perioden 1723-1730 blei nesten alle kyrkjene med tilhøyrande jordegods selde på auksjon til enkeltpersonar eller kyrkjelydar. Dermed slutta innsendinga av rekneskapar til revisjon i Rentekammeret.

Kyrkjerekneskapar i andre arkivseriar
Kyrkjene i Nord-Noreg kom ikkje med i salet fordi dei var blitt overførde til Misjonskollegiet. Inntektene frå desse kyrkjene skulle mellom anna finansiere misjonen blant samane og skulestellet i Nord-Noreg. I ulike seriar i Misjonskollegiet sitt arkiv finst det difor kyrkjerekneskapar for Finnmark frå 1761 til 1811 og for resten av Nord-Noreg frå 1771 til 1800. For tida 1801-1811 finn ein desse rekneskapane i Danske kanselli under Nordlandske kirke- og skolefond.

Kyrkjerekneskapane for Kongsberg for åra 1707 til om lag 1800, er i Kongsberg Sølvverk sitt arkiv.

I serien Kirker og kirkegods i Realistisk ordnet avdeling i Rentekammeret finst det også rekneskapsmateriale for kyrkjer, likeeins er det litt spreidd materiale i dei såkalla skapsakene i Danske kanselli.

Kyrkjerekneskapar i statsarkiva
Kyrkjeordinansen frå 1607 bestemte at det skulle førast såkalla kyrkjestolar, det vil seie rekneskapsbøker, ved alle kyrkjer. I desse bøkene skulle det også førast inn ein gjenpart av stiftsskrivaren sin rekneskap. Kyrkjestolane blir oppbevarte i statsarkiva, og dei eldste kan gå tilbake til det første tiåret av 1600. Mykje av dette arkivmaterialet er skanna og tilgjengeleg på Digitalarkivet , Digitale bøker.
.

Kirkeregnskap

De eldste regnskapene for Holtålen kirke i Sør-Trøndelag er fra 1646-48, og allerede her blir inventaret nevnt. De hadde bl.a. kalk og disk av uforgyldt sølv, en gul og brun messehagel og én bibel som ble brukt i alle tre kirkene i sognet. (Rentekammeret, Kirkeregnskap, Trondheim stiftsskriveri, pk 111, EA-4067/Rf/L0111/0002)