Sjølve lensrekneskapane er ikkje omfangsrike. Dei tilhøyrande  inntekts- og utgiftsvedlegga utgjer hovudtyngda av materialet. Dei inneheld skattemanntal, jordebøker, futerekneskap og ein del andre rekneskap. Vedlegga er merkte med bokstavar eller tal som rekneskapane viser til.

Rekneskapsåret tok til og slutta 1. mai, som var Philippi Jacobi dag. Til sist i den årlege rekneskapen ligg revisjonsmerknadane til Rentekammeret.

Korleis finn du fram i lensrekneskapane?

For tida før ca. 1570 kan du sjå på trykte lensrekneskap. Du finn dei anten i "Norske lensrekneskapsbøker 1548–1567" (NLR) eller i "Norske Regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede" (NRJ). Nokre av desse trykte kjeldeutgåvene er digitaliserte. Du finn lenkene i menyen til høgre.

Til NLR finst det tre register:

  • Stadnamnregister
  • Personnamnregister
  • Saksregister

Du finn direkte lenke til alle registera i høgremargen. Du kan også søkje på stadnamn og personnamn i ei søkbar database.

Alle dei originale lensrekneskapane finn du på , men her må du kunna lesa gotisk handskrift frå perioden for å tyde innhaldet.

Kva finn du i lensrekneskapane?

Skattemanntall, matriklar og jordebøker
Futen var fullmektigen til lensherren og kravde inn skatt. Han førde skattemanntal der kvar einskild gard blir nemnt med skattebeløp og som oftast også med namn på brukaren.

Det var mange forskjellige skattar. Den viktigaste var landskatten, også kalla unionsskatt. Landskatten omfatta også fleire småskattar der du kan finna lister over handverkarar, strandsitjarar og tenestedrengar. I dei strøka i landet der ein skilde mellom heil-, halv- og øydegardar, blei desse førde kvar for seg, men i same skatteliste.

I 1640-åra blei landskatten og ein del andre skattar slegne saman og kalla kontribusjonen. Skattelistene gjekk då over til å bli skattematriklar, og frå då av inneheld dei også opplysningar om landskylda til gardane og eigartilhøve. Kontribusjonen frå 1647 er publisert i kjeldeutgåva "Skattematrikkelen 1647" som er skanna og tilgjengeleg på Digitalarkivet, sjå lenke i høgremargen.

Nokre skattelister har spesielle opplysningar:

  • Sagskatten gir opplysningar om sager.
  • Koppskatten 1645 har ofte namn på fleire enn hovudpersonen i hushaldet.
  • Kvegskatten 1657 gir opplysningar om husdyrhald.

Grunnlaget for innkrevinga av dei forskjellige skattane blei gitt i ymse kongebrev.

Lensrekneskapane inneheld også ein del jordebøker. Dette er eit oversyn over offentleg eller privat jordeigedom, ordna etter eigar og med opplysningar om dei rettane eigaren hadde. Kronas jordebøker omfatta også dei gardane som betalte leidang og foring til kongen.

Futerekneskap
Futen var også påtalemakt i lokalsamfunnet. Han hadde mellom anna utgifter til avrettingar, fengsling og transport av fangar, og han kravde inn bøter. I futerekneskapane er bøtene førde under overskrifta Sikt og sakefall.

Dei vanlegaste bøtene gjaldt slagsmål og det å få barn utanfor ekteskap (leiermål), men ein finn også bøter for drap, hor, blodskam og trolldom. Til desse postane kan det igjen vere vedlegg som fortel meir om bakgrunnen for bøtelegginga.

Andre rekneskap
Lensrekneskapane inneheld også ei rekkje andre rekneskap som seinare blei eigne arkivseriar:

  •     Tollrekneskap
  •     Byrekneskap
  •     Festningsrekneskap
  •     Kyrkjerekneskap

I tillegg finst det ein del særskilde rekneskapar som til dømes for kongehyllingar. Desse inneheld mellom anna detaljerte opplysningar om mat og drikke ved hyllingane og er ei viktig kulturhistorisk kjelde.

Kvittansiarum
Når det kom ny lensherre, blei det sett opp eit såkalla kvittansiarum. Det inneheld ofte nøyaktige registrer av dokument og inventar som lensherren forvalta, men som høyrde til staten.

Meir informasjon om lensrekneskapene finn du i Håndbok for Riksarkivet.

Etter lensrekneskapane

Etter at eineveldet blei innført i 1660 fortset dei lokale rekneskapane i seriane med stiftamtstue- og futerekneskap, sjå menyen til venstre.

1.	Forsiden på Axel Gyldenstjernes regnskap for Akershus len fra mai 1600 til mai 1601.

Framsida på Axel Gyldenstjerne sin rekneskap for Akershus len frå mai 1600 til mai 1601. (Rentekammeret, Lensregnskap, Akershus len 10.2, EA-5023/Rba/L0010/0002/0001)



2.	Vedlegg nr. 30 til bygningsregnskapet for Akershus 1644-45 viser en fortegnelse over de arbeidsfolkene som losset og bar murstein fra skipet og opp til slottet. Både menn og kvinner var med, og de tjente like mye. (Rentekammeret, Lensregnskap, Akershus len 182,6, EA-5023/Rba/L0182/0006/0001)

Vedlegg nr. 30 til bygningsrekneskapen for Akershus 1644-45 viser eit oversyn over dei arbeidsfolka som lossa og bar murstein frå skipet og opp til slottet. Både menn og kvinner var med, og dei tente like mykje. (Rentekammeret, Lensregnskap, Akershus len 182.6, EA-5023/Rba/L0182/0006/0001)



3.	”Guldbrandsdallens Fougderies Mandtalls Register” over kontribusjonen som skulle betales til mikkelsmesse og jul 1646. Listen oppgir navnene til gårdbrukerne, hvor stor landskylden var og hvor mye skatt de betalte. (Rentekammeret, Lensregnskap, Akershus len 188.1, EA-5023/Rba/L0188/0001/0002)

”Guldbrandsdallens Fougderies Mandtalls Register” over kontribusjonen som skulle betalast til mikkelsmesse og jul 1646. Lista opplyser om namn på gardbrukarane, kor stor landskylda var og kor mykje skatt dei betalte. (Rentekammeret, Lensregnskap, Akershus len 188.1, EA-5023/Rba/L0188/0001/0002)



4.	Som utgiftspost i fogdens regnskap for Gudbrandsdalen i regnskapsåret 1619-20 står det at han har betalt skarpretteren i Oslo 15 riksdaler for å henrette med ”ild og brand” tre kvinner fra Fron som var dømt for trolldom. De ble også dømt til å bøte alt de eide til kongen. Dette er bokført under sakefallsinntektene i samme regnskap. (Rentekammeret, Lensregnskap, Akershus len 51.5, EA-5023/Rba/L0051/0005/0002)

Som utgiftspost i futen sin rekneskap for Gudbrandsdalen i rekneskapsåret 1619-20 står det at han har betalt skarprettaren i Oslo 15 riksdalar for å avrette med ”ild og brand” tre kvinner frå Fron som var dømde for trolldom. Dei blei også dømde til å bøte alt dei eigde til kongen. Dette er bokført under sakefallsinntektene i same rekneskap. (Rentekammeret, Lensregnskap, Akershus len 51.5, EA-5023/Rba/L0051/0005/0002)