På Arkivportalen finn du eit oversyn over dei militære rekneskapane som blei reviderte i Rentekammeret. Dei viktigaste er:

Kommissariatsrekneskapane stammar frå Generalkommissariatet som skulle sørgje for lønn og forsyningar til dei norske hærstyrkane. Materialet er frå åra 1641-80 og 1691-1709, og det inneheld mellom anna ein del rullar, det vil seie mannskapslister. Materialet omfattar også eit sett  norske  hovudbøker frå tida 1710-1758 etter Landetatens generalkommissariat.

Festningsrekneskapane inneheld seriar med rekneskapar for dei enkelte festningane. Dette er den største serien med militære rekneskapar, og den har mellom anna oversyn over inventar, våpen og ammunisjon på festningane, rapportar frå synfaringar og rekneskapar for byggjearbeid. Dei fleste rekneskapane  går frå midten av 1600-talet og fram til 1764.
 I lensrekneskapane finst det også ein del festningsrekneskapar som går lenger tilbake.

Krigshospitalskassen sine rekneskapar er frå åra 1695 til 1767. Kassen sine inntekter var innbetalingar  frå offiserar og soldatar, ein del av kongetienda, tollkonfiskasjonar, bøter med meir. Frå 1722 omfatta kassen også ein eigen norsk offisersenkekasse.

Magasinrekneskapane gjeld kornlagra  i magasina på festningane. Det eldste materialet er frå 1773 då det blei bestemt  at festningsmagasina til eikvar tid skulle ha ei fastsett mengd korn med tanke på krig og uår. Dei yngste rekneskapane er frå 1813.
Dei reviderte rekneskapane har i tillegg eigne seriar med felt-, proviant- og furasjerekneskapar, sjømagasin- og sjøarmaturrekneskapar og dessutan rekneskapar frå Rytter- og dragonkassen.

 Militære rekneskapar i andre arkiv
Det finst også ein del rekneskapar i nokre av dei militære arkiva, til dømes Kommanderende General sitt arkiv.

Militære regnskap

I kommissariatsregnskapene kan man bl.a. finne en del fortegnelser over offiserer og mannskap. Her er første side i en mønstringsrulle for Saltens kompani i 1657 med navn på offiserer og 120 menige soldater. (Rentekammeret, Militære regnskaper, Kommissariatsregnskap, pk. 43, mappe 3, vedlegg 16, EA-4069/Ra/L0043)