Grunnstammen i tollrekneskapane er bøkene over inn- og utgåande varer som tollstadane var pålagde å føre. Der blei alle norske og utanlandske skip som kom til tollstaden førde inn med opplysningar om heimstad, reisemål, eigar, skipsførar og last. Det finst også eigne oversyn over ulike vareslag og over skip som var heimehøyrande på tollstaden. Etter 1793 blei også dei skipsmålingsbreva som blei utferda av tollstaden førde inn i tollbøkene.

Tollrekneskapane er i arkivet etter Generaltollkammeret som blei utskilt frå Rentekammeret i 1760. Du finn eit oversyn over tollrekneskapane på Arkivportalen.
Det finst spreidt rekneskapsmateriale tilbake til omtrent 1625, men det er først omkring 1750 at det gjennomgåande er bevart årlege tollbøker. Frå perioden 1600 til 1630 kan ein finne tollrekneskapar i lensrekneskapane. Dei reviderte tollrekneskapane for tida etter 1812 finn ein i Revisjonsdepartementet sitt arkiv.

Tollregnskap

18. april 1797 var 40 skippere innom Tollboden i Kristiania og meldte om lasten de var kommet med. Jens Jørgen Ahrentsen fra København var en av dem, og opplistingen av varene fra hans gallion fyller hele tre sider i inngående tollbok. Her nevnes bl.a. kinesisk silketøy, bomullsstoffer og tørklær, kister med sitroner og appelsiner, alle slags krydder, samt trøfler, morkler og parmesanost, St. Croix-rom og madeiravin, dekketøy og medisiner. I tillegg er det skrevet inn hvem som skal ha varene. (Generaltollkammeret, Tollregnskap, Kristiania, eske 209, EA-5490/R06/L0209)