Kvar vår har Riksarkivet eit vårslepp. I vårsleppet fjernar Riksarkivet sperringa på utvalde kjelder frå andre verdskrig. I samband med at dei gjer kjeldematerialet fritt tilgjengeleg for alle, skannar dei det frigjeve materialet og publiserer det i Digitalarkivet.

Lenker og informasjon om dei skanna kjeldene er vist i nettutstillingar:

  • 2010 : kjelder knytta til Blücher, kvardagsliv, fangenskap, planar for norsk Lebensraum
  • 2011 : regjeringsdokumenta frå andre verdskrig
  • 2012 : fotografiar (Terboven sitt album og NTB sine fotografiar av norske flyktningar i Sverige), kjelder om norske flyktningar i Sverige
  • 2013 : kjelder knytta til Vidkun Quisling