Mottak og testing

Arkivverket tek imot og testar elektroniske uttrekk frå arkivskaparane. Når eit uttrekk er godkjend, blir det registrert som ferdig og langtidslagra.

Testverktøy

Arkivverket brukar ulike verktøy til å teste uttrekk. Verktøya er tilpassa forskjellige typar uttrekk.

Langtidslagring

Elektronisk arkivmateriale som er testa og godkjend av Arkivverket, blir langtidslagra i eit spesialmagasin for elektroniske arkiv. For tida lagrast arkivmaterialet på CD-ar. Arkivverket skal gå over til eit digitalt sikringsmagasin, og arbeidet med dette har starta.

Standardar

Arkivverket brukar dei internasjonale standardane ISAD(G) og OAIS og vår eigen standard ADDML som grunnlag for arbeidet med elektroniske arkiv.