Ambisjonar

Arkivverket har eit mål om å digitalisere ti prosent av samlingane innan 2030. Det vil seie om lag 25 000 hyllemeter. Dersom ein reknar at ein bokskanner kan skanne 40 hyllemeter innafor eit årsverk, vil eit slikt mål krevje ei større satsing på skanning enn det som er mogeleg i dag. På ei anna side er det mogeleg å skanne 200 hyllemeter i løpet av eit årsverk med ein bunkeskanner. Men store delar av det arkivmaterialet som det er aktuelt å digitalisere, er innbundne protokollar og/eller skjørt materiale som ikkje er høva for digitalisering med bunkeskanner

Transkribering

Når vi transkriberer arkivmateriale, skriv vi av bokstav for bokstav, anten som fritekst eller i skjema. Det er mogeleg å søkje i det transkriberte materialet. Det er særleg folketeljingar og kyrkjebøker som er transkribert.

Skanning og indeksering

Det skanna arkivmaterialet blir publisert som digitale biletfiler. Det er ikkje mogeleg å søkje i teksten på bileta. Derfor, før vi publiserer biletfilene , koplar vi dei med informasjon om kva dei viser. Dette kallar vi indeksering, og det gjer det enklare å finne fram blant alle bileta. Til dømes blir indekssida til dei skanna kyrkjebøkene automatisk generert på bakgrunn av indekseringa.

Både transkribering og skanning

Noe arkivmateriale er både transkribert og skanna. Da kan brukarane søkje fram den informasjonen dei er på jakt etter. Deretter kan dei kontrollere originalkjelda og sjå etter om informasjonen stemmer. Det er ikkje alltid mogeleg å få med all kontekst i ei kjelde i ein transkripsjon. Ein titt på originalkjelda gjer det ofte enklare å tolke overstrykingar, ord som er skote inn, og symbol.