Utstyr og ressursar

Riksarkivet råder pr. 1. juni 2012 over tre mikrofilmskannarar (innkjøpt 2004-2006), tre A2-bokskannarar (innkjøpt 2008-2011), ein A0-bokskannar (innkjøpt 2009) og ein bunkeskannar (innkjøpt 2009). Seksjon for digitalisering og konservering fire seks tilsette som betener skannarane. Ein person arbeider med å leggje til rette for skannearbeidet. 

Statsarkiva råder også over bokskannarar. Statsarkiva medverkar til skanneverksemda i Arkivverket i den grad dei har ressursar til det.

Mikrofilmskanning

Mikrofilmskanning er ei effektiv form for digitalisering. Mange av dei mest etterspurde kjeldene i Arkivverket, som kyrkjebøker, skiftemateriale og tinglysingsmateriale, er tilgjengeleg på mikrofilm. For å publisere etterspurde kjelder raskt, var det derfor naturleg å starte med mikrofilmskanning. Kvaliteten på mikrofilmane avgjer kor raskt arbeidet går, men innafor eit årsverk blir det gjerne skanna 1,5 millionar bilete. Fordi bileta på mikrofilmane er gråtonebilete, blir også dei skanna bileta i gråtonar. På mikrofilmskanning brukar Arkivverket ei oppløysing på 200 dpi. 

Mikrofilmsamlinga til Arkivverket omfattar om lag 14 millionar bilete. I tillegg kjem Gammal grunnbok, som er 4,5 millionar bilete. Arkivverket planlegg å skanne heile mikrofilmsamlinga, men med unntak av ei mindre mengde filmar. Dette er i hovudsak filmar med kjelder som er mikrofilma fleire gonger, og filmar med et tilfeldig og usamanhangande utval av kjelder.

Bokskanning

Bokskanning tek vesentleg meir tid enn mikrofilmskanning, fordi operatøren må bla side for side og utløyse skannaren. Innafor eit årsverk produserast opp til 200 000 bilete, men dersom materialet er i dårleg stand, kan tempoet gå markert ned. Bileta frå bokskannarane er i fargar, i motsetnad til bileta frå mikrofilmskannarane. Normalt skannar vi med ei oppløysing på 300 dpi. 

Alt av innbunde materiale blir skanna på bokskannarane. I tillegg tek vi dei i bruk til lause dokument og kart som er for skjøre til å bli bunkeskanna. Store format skannast også på bokskannarane. Når mikrofilmskanning gir for dårleg resultat, slik at bileta ikkje er leselege, er det mogeleg å skanne direkte frå originalkjelda med ein bokskannar. Ein stor del av det materialet som Arkivverket ønskjer å prioritere for digitalisering, må skannast på bokskanner.

Bunkeskanning

Riksarkivet tok i bruk bunkeskanning sommaren 2009. Bunkeskanning eignar seg for dokument som ikkje er innbundne, og som toler å bli trekte gjennom valsane i skannaren. Nyare pantebøker er eit godt døme på arkivsaker som høver for bunkeskanning. Det er mogeleg å skanne opp til 15 000 bilete kvar dag, men talet kjem an på formatet og forfatninga til materialet. Skanninga skjer i fargar og med ei oppløysing på 300 dpi.