To registreringseiningar
Arkivverket har to registreringseiningar, på Voss og i Stavanger. Registreringseiningane høyrde i si tid til Teleslekt, som registrerte folketeljinga 1900 og delar av folketeljinga 1865. Registreringseiningane ble teke over av Arkivverket i 1998. Dei siste åra har dei transkribert folketeljinga 1910.
Registrering etter standardar
Det er laga nasjonale standardar for registrering av folketeljingar og kyrkjebøker. Histform er felles standard for format og instruksar for registrering og utveksling av folketeljingsdata 1865–1910. Standarden ble laga etter initiativ frå Landslaget for lokalhistorie, men med deltaking frå Arkivverket og andre aktørar. Arkivverket har sjølv laga standarden Kyrre for registrering av kyrkjebøker.
Kjeldene skal transkriberast bokstavrett
Det er eit viktig prinsipp at kjeldene skal transkriberast bokstavrett, sjølv om det er heilt tydeleg at kjelda inneheld feil. Til dømes vil vi ikkje rette stavemåten for personnamn , sjølv om etterkommarane kan dokumentere at stavemåten skulle ha vore annleis. Poenget er at kvar og ein sjølv skal kunne tolke kjeldene.
