Velkomen til Statsarkivet i Bergen!
Hos oss finn du arkiv frå statlege institusjonar i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Statsarkivet i Bergen er eitt av åtte statsarkiv i Noreg. Statsarkiva er ein del av det statlege Arkivverket, leia av Riksarkivaren. Arkivverket er ein statleg etat under Kulturdepartementet.
12. desember 2012 flytta me inn i rehabiliterte og nye lokale etter ein byggeperiode på to år. Lesesalen er ny og flott! Les meir om byggesaken under Byggeprosjekt.
Bruk oss!
Lesesalen er open mandag-fredag heile året, og nokre laurdagar i året held me ope om førmiddagen. I vinterhalvåret er lesesalen langopen på tirsdagar.
E-post og telefon er betent i arbeidstida. Me har óg eit debattforum der du kan stilla enkle spørsmål om kjelder ved statsarkivet, komme med konkrete spørsmål om oppslag i kjeldene, eller andre spørsmål som toler allment innsyn og ikkje krev omfattande sakshandsaming.
Oppgåver
Hovudoppgåva til arkivinstitusjonane er å ta vare på, formidle og gjere tilgjengeleg arkiv frå den statlege forvaltinga. Statsarkivet i Bergen har ansvar for arkiva frå Hordaland og Sogn og Fjordane.
Statsarkivaren i Bergen, Yngve Nedrebø, leiar Digitalarkivet som er nett-tenesta til Arkivverket for å gjere kjelder tilgjengeleg på internett. Mykje av dei mest etterspurde kjeldene ved Statsarkivet i Bergen er lagt ut i Digitalarkivet. Tenesta er heilt gratis.
Dei 21 tilsette ved statsarkivet, skal halde orden på arkiva, og skal hjelpe alle som vender seg til arkivet, anten det er på lesesalen eller i form av brev, telefon, e-post eller debattinnlegg.
