Byggeprosjektet ved Statsarkivet i Bergen
I august 2010 starta byggearbeidet ved Statsarkivet i Bergen. Arbeidet skal halde fram til utgangen av 2012.
Bygginga har to trinn.
Trinn 1 - ferdig hausten 2011:
- rive konserveringsbygget
- bygge underjordiske magasin for arkivsakar
- bygge nytt konserveringsbygg
Trinn 2 - starta hausten 2011, ferdig hausten 2012:
- bygge om i den gamle statsarkivbygninga
- restaurere nokre områder i den gamle statsarkivbygninga
Sjå oppdateringar og bilete frå bygginga på Facebook-sida til byggeprosjektet
Følgjar for publikum
Statsarkivet i Bergen tek sikte på å halde lesesalen open i heile byggeperioden. Telefon og sakshandsaming skal vere i normal i drift.
I periodar vil det vere mykje støy.
Frå og med torsdag 1. november vil all drift vera attende i gamlebygninga. Alle som skal innom Statsarkivet må koma inn gjennom den nye hovudinngangen på sørsida av huset. Les meir om adkomst under adresse og opningstider
