Denne våren inviterer Riksarkivet til samtaler om historieskriving. Profilerte forfattarar og historikarar møtes til diskusjon ”i ein sofa på arkivet”. Første gjester i sofaen er historikarane Synne Corell og Nina Drolsum Kroglund. I samtale med Finn Olstad, også han historikar, skal dei diskutere om okkupasjonshistoria bør skrives på nytt.
– Vi ser at interessa for historie aukar generelt i samfunnet, seier Bård Alsvik, historikar og underdirektør i seksjon for formidling i Riksarkivet. – Det er bare å ta seg ein tur i kiosken og titte i bladhylla. Før fantes det knapt noe populærhistorisk magasin, i dag finner du ti-tolv.
Eit tema som går igjen er siste verdskrig. Historia om krigen har ei tiltrekningskraft på oss som andre historiske epokar ikkje har.
– Det er særleg interessant å registrere at yngre historikarar ser på okkupasjonshistoria med nye auge. Det heter seg at kvar generasjon skriver si historie, og sånn bør det også vere. Vår generasjons historikarar kan dessutan bidra til å nyansere den førres framstilling, seier Alsvik.
Meir nyansert framstilling
Corell og Drolsum Kroglund representerer denne nye generasjonen historikarar, og meiner det også skal tas høgde for taparanes historier, skjebnane til enkeltmenneske og generelt gis ei meir nyansert framstilling i den store forteljinga om Noreg under 2. verdskrig. Corell har nærlest fleire historieverk og sett på språkbruk og andre retoriske grep brukt i sigerherranes versjon av historia, mens Drolsum Kroglund ser på samarbeidet mellom nordmenn og tyskarar med ei ny vinkling i si bok «Hitlers norske hjelparar. Nordmenn som samarbeidet med tyskerne 1940-1945».
Riksarkivet ein naturleg møteplass
Riksarkivet forvaltar den største mengda kjeldemateriale i landet, med arkiva etter statleg sentraladministrasjon og Høgsterett, i tillegg til ein mengde privatarkiv. Historikarar og forskarar er faste gjester på lesesalen og bruker dagleg Riksarkivet sitt arkivmateriale.
– Riksarkivet ein naturleg møteplass og arena for historieinteresserte, og det er veldig hyggelig å kunne invitere dei som faktisk bruker kjeldane til diskusjon rundt ulike tema relatert til historie. Vi vil gjerne skape eit levende miljø omkring lokala våre og samtidig gjøre folk oppmerksame på arkivas relevans og nytteverdi, seier Alsvik.
Om ”I ein sofa på arkivet”
I ein sofa på arkivet er en arrangementsrekke i regi av Riksarkivet (ved Sognsvann stasjon).
Arrangementa er opne for alle
. Gratis entré og sal av mineralvatn/øl/vin og noe å bite i.
Tidspunkt: kl 19-21.30
