PDF/A er ein ISO-standard for langtidslagring av elektroniske dokument. Skal man lagre dokument med omfattande struktur, er dette sjølve formatet å bruke.
– Vi håpar at alle som trenger meir kunnskap om PDF/A nytter anledninga til å få med seg dette seminaret, seier Anthony Lærdahl i Seksjon for digitalt depot i Riksarkivet. Han skal sjølv vere ein av foredragshaldarane denne dagen. – Det er avgrensa med plass på seminaret, og vi har fått mange påmeldingar allereie. Derfor er det lurt å vere raskt ute med å melde seg på, seier Lærdahl.

Tema på seminaret:
PDF/A som arkivstandard i Noreg og internasjonalt
Kva er PDF/A og korleis kan vi bruke det?
Kva for ein PDF/A-versjon er det riktig å nytte?
Korleis lagrar man PDF/A-dokumenter?
Korleis ser en god PDF/A-basert arbeidsflyt ut?

Dei fleste foredraga blir helde på engelsk.

Her kan du lese meir om seminaret, samt melde deg på.