Offentlegheit og følsame opplysingar:

Arkivverket er pålagd å fylgje Offentleglova. Alle har rett til innsyn i dei dokumenta som skapas i kontakten mellom oss og publikum. Det betyr likevel ikkje at alle dokument er tilgjengeleg utan atterhald eller lasta opp på internett. Dokument som underlagd teieplikt etter lov, vil alltid vere skjerma for alle andre enn dei som handsamar saken.

E-post

Du han sende e-post til oss, men ver merksam på at det ein skriv i ein e-post kan lesast av datatjuvar. Me oppfordrar derfor til å ikkje nytte e-post til sakar som er av ein følsam natur. E-post blir behandla som andre sakar, og blir journalført om det er ein førespurnad til oss. Vår journal er offentlig og tilgjengleg på internett, men søk i søkemotor gjer ikkje treff på namn i journalen.

Arkivverkets heimeside

Når ein gjer søk på arkivverket.no og undersider, registreras IP-adressa frå den nytta dataeininga. Du kan og kontakte oss direkte gjennom skjema på heimesida. Kontakt gjennom skjema blir handsama på same måte som e-post, og av tryggleiksomsyn bør ein her og vurdere kva ein sender usikra over nett.
Ved kjøp i nettbutikk må du registrere deg, slik at vi kan få sendt både vare og rekning. Kunde- og kjøpsopplysingar blir lagra i 10 år.
Nettstaden nyttar informasjonskapslar (cookies). Me nyttar ikkje informasjonskapslar for å lagre personinformasjon. Du kan sjølv skru av informasjonskapslar i nettlesaren.
Arkivverket nyttar Google Analytics for statistiske analyser.

Arkivportalen

Du kan tinge tenester gjennom arkivportalen.no. For at vi best mogleg skal kunne hjelpe deg, treng vi å vite kven du er. Dei opplysingane du gjer oss, nyttar vi berre for den aktuelle tinginga og eventuell oppfølging. Opplysingane slettes frå dette systemet når førespurnaden er behandla ferdig, men dei kan bli overførd andre system.
Om tinginga gjeld arkivmateriale til bruk på lesesal, vil den bli overført til eit internt tingingssystem kor opplysingane kan bli lagra i opp til 10 år.
Om din førespurnad førar til ordinær sakshandsaming, vil den bli ført over i vårt journalsystem, og eventuelt rekneskapssystem om det er ein teneste som krev betaling. Opplysingane blir lagra i desse systema. Sidan journalen er offentleg, kan andre få vite om alle førespurnader til arkivverket, båe med namn og tema. Unnatak er dei opplysingar som er regulert av teieplikta med heimel i Forvaltningslova og Offentleglova.
Nettstaden nyttar informasjonskapslar (cookies). Me nyttar ikkje informasjonskapslar for å lagre personinformasjon. Du kan sjølv skru av informasjonskapslar i nettlesaren.

Digitalarkivet

Normal bruk av Digitalarkivet krev ikkje registrering, men systemansvarlig vil kunne lese av IP-adressa frå den nytta dataeininga. Nettstaden nyttar informasjonskapslar (cookies). Me nyttar ikkje informasjonskapslar for å lagre personinformasjon. Du kan sjølv skru av informasjonskapslar i nettlesaren.
Arkivverket nyttar Google Analytics for statistiske analyser.
Deltaking i debattfora på Digitalarkivet krev registrering. Vi vil vite kven du er, og namnet ditt blir og synlig saman med debattinnlegg. Vi gjer deg merksam om at namn og debattinnlegg vil kunne finnes igjen i søkemotorar. Det er ikkje satt nokon grense for kor lenge debattinnlegg blir lagra.