Besøk på lesesalen
Du er like velkommen i Riksarkivet om du skal drive vitskapleg forsking, undersøke juridiske rettar, drive med slektsgransking eller gjere andre typar undersøkingar i arkiv. Riksarkivet har lesesal med 60 plassar for gjester. Finn ut når lesesalen er open før du tar turen hit, sjå opningstider.
Riksarkivet og statsarkivet i Oslo har felles lesesal. Informasjonen på denne sida gjeld også for Statsarkivet i Oslo.
Generelt
- Parkering ved Sognsvann stasjon
- Riksarkivbygningen er tilrettelagt for funksjonshemma
- Røyking er ikkje tillatet i bygningen
- Mobiltelefonar skal vere av i arkivekspedisjonen i arkivekspedisjonen og på lesesalen
- Publikumsareala har trådlaust nettverk
Resepsjonen
Resepsjonen registrerer alle som kjem til Riksarkivbygningen og gir inngangskort. Vesker skal leverast i resepsjonen. Yttertøy skal hengast i garderoben i resepsjonen der det er låsbare garderobeskap med myntinnkast kr. 10. Du kan berre ta med deg skrivemateriell og naudsynte papir inn på lesesalen. Når du forlet bygningen skal du også melde deg i resepsjonen. Vakta kan kontrollere dei sakene du tar med deg ut frå lesesalen.
Arkivekspedisjonen
I arkivekspedisjonen er det som oftast to personar til stades. Dei svarar på spørsmål og hjelper til med framfinning av arkivmateriale. Tinging av arkivsaker skjer elektronisk på arkivportalen.no.
I ekspedisjonen finn du også Riksarkivets bibliotek
Lesesalen
Bestilte arkivsaker blir leverte på lesesalsplassen din. Sjå informasjon om bestillingsfristar og levering . Du får berre utlevert eit avgrensa tal øskjer (pakkar) eller ptotokollar om gongen.
Det blir levert store mengder arkivsaker på lesesalen kvar dag. Arkivsakene er uerstattelege og må handsamast med stor varsemd. Det er også viktig å vise omsyn og halde ro på lesesalen. Sjå lesesalsreglementet.
Mikrofilmsamlinga vår er plassert på lesesalen og der finn du også leseapparat. Lesesalen har dessutan digitalt fotokamera som gjestene kan bruke sjølve. Sjå informasjon om kopiering.
Forskarrom
Forskarar som skal arbeide med større prosjekt og som har bruk for å nytte arkivmateriale i lengre tid, kan etter søknad få disponere eit rom i tilknyting til lesesalen. Sjå reglement for bruk av forskarrom .
