Bibliotektenester
Bibliotekspersonalet hjelper gjester i Riksarkivet med trykt materiale. Riksarkivets bibliotek er først og fremst eit internt fagbibliotek for dei tilsette.
Samlingar
Biblioteket har om lag 75000 (2009) bokband og 250 tidsskrift. Vi har mellom anna mange lokalhistoriske publikasjonar og årbøker. Boksamlinga omfattar litteratur frå 1500-talet til i dag. Arkivfag, norsk historie, lokalhistorie og slektshistorie er rikt representert og mykje av tilfanget gir viktig informasjon for arkivbrukarar.
På lesesalen er det mellom anna oppstilt bygdebøker, biografiar, lovsamlingar, trykte folketeljingar, matriklar og adressebøker og dessutan den trykte kartserien M711 frå Statens kartverk.
Bruk av biblioteksmateriale
Alt materiale som står opstilt på lesesalen kan nyttast fritt i opningstida. Mange av bøkene våre som til dømes slektsbøkene, er plasserte i biblioteksmagasinet. Dei kan tingast til bruk på lesesalen. Det same gjeld tidsskrifta våre. Dei siste årgangane av dei mest brukte tidsskrifta er i biblioteksekspedisjonen mens dei siste utgåvene av lokalhistoriske årbøker står oppstilt på lesesalen. Når det gjeld aviser viser vi til Nasjonalbiblioteket som har filma dei fleste norske avisene.
Det er ikkje høve til å låne med litteratur heim. Trykt materiale kan kopierast i ekspedisjonen. Trykte kart og eldre litteratur kan ikkje kopierast.
Katalogar
Riksarkivets biblioteksdatabase omfattar litteratur som er registrert eller katalogisert frå og med 1988. Det pågår stadig arbeid med å utvide databasen med informasjon om bøker og tidsskrift som kom til biblioteket før 1988. Men alt innan arkivfag og alle slektsbøker og biogafiar finst i databasen. Alle bøker som er tinga til biblioteket er også registrete der. Alle data frå biblioteksdatabasen til Riksarkivet blir sende til Nasjonalbiblioteket for overføring til databasane Sambok og Samper og du finn difor all informasjon der.
Ein stor del av den eldre boksamlinga er ikkje registrert i databasen og kortkartoteket i biblioteksekspedisjonen må nyttast for framfinning.
Lov og regelverk for arkiv og informasjonsbrosjyra
Biblioteket har trykksaker med lov, forskrifter og føresegner som gjeld arkiv og dessutan brosjyrar med ymse informasjon om arkiv. Du kan tinge gratishefta i serien Rapporter og retningslinjer og dei andre gratispublikasjonane frå biblioteket.
Opningstider og kontaktinformasjon
Opningstid er kl. 10.00-14.45 (sommartid -14.30), måndag-fredag. Bøker frå biblioteksmagasinet som skal nyttast på kveldstid eller laurdag, må tingast på førehand per telefon eller i biblioteksskranken si opningstid. Du kan få hjelp på telefon 22 02 27 27 eller på e-post: biblioteket@arkivverket.no .
