Reglement for bruk av forskarrom


  • FRiksarkivbygningen har eigne arbeidsrom i tilknyting til lesesalen. Forskarromma kan etter skriftleg søknad stillast til disposisjon for gjester som har solid røynsle frå lesesalen og som kan dokumentere behov for ein slik arbeidsplass. Det vil først og fremst gjelde forskarar som har behov for å nytte eit større arkivmateriale regelmessig i ein lang periode. Forskarrom blir ikkje  gitt til forskarar som først og fremst treng kontorplass for å gjennomarbeide innsamla materiale
  • Forskarrom  kan disponerast for inntil tre månader. Perioden kan forlengast etter ny søknad, men brukaren må då godta ein månads oppseiingstid. Brukaren pliktar å melde frå dersom behovet for forskarrom sluttar før avtalt tid.
  • Forskarrommet kan berre nyttast når lesesalen er open
  • Glasveggen mellom forskarrommet og korridoren skal ikkje dekkast til på nokon måte.
  • Lesesalsgjest som har fått forskarrom, bestiller arkivsaker på same måte som gjester med plass på lesesalen.
  • Når ein forlet rommet for dagen må alle arkivsakene plasserast på tilvist stad.
  • Dei som har fått forskarrom kan oppbevare sitt private materiale der. Riksarkivet overtek ikkje ansvaret for slikt materiale.
  • Den som blir tildelt forskarrom får utlevert nøkkel til rommet. Det skal alltid låsast når arbeidsdagen er slutt og bør også vere låst ved fråver. Tap av nøkkel må meldast så raskt som råd og kostnader med erstatning må dekkast.
  • Personale frå Riksarkivets har tilgang til forskarromma til eikvar tid.
  • Lesesalsreglementet gjeld også for gjester som har fått forskarrom.
  • Brot på reglane  kan føre til tap av forskarrom, eventuelt bortvising  frå lesesalen.
  • Forskarar som får forskarrom skal kvittere på papireksemplar av dette reglementet.