Foto- og kopibestilling
Papirdokument
Dersom du er gjest på lesesalen kan du sjølv kopiere arkivmateriale ved fotostasjonen i ekspedisjonssskranken. Dette er gratis. Kravet er at materialet er fritt tilgjengeleg og i ein slik stand at det tolerbelastinga med kopiering. Arkivpersonalet avgjer om så er tilfelle.
Det kan også bestilles kopier mot betaling. Du må da markere med slipper hvilke dokumenter /sider du ønsker kopi av. På et bestillingsskjema fyller du ut nøyaktige arkivreferanser, egen adresse og leveringsmåte. Leveringstiden kan variere fra 1-3 uker avhengig av mengden dokumenter som til enhver tid er til kopierinDet kan også bestillast kopiar mot betaling. Du må då markere med papirstrimlar kva dokument/sider du ynskjer kopi av. På eit eige bestillingsskjema fyller du ut nøyaktige arkivreferansar, eiga adresse og leveringsmåte. Leveringstida kan variere frå 1-3 veker avhengig av mengda dokument som til eikvar tid er til kopiering.
Større mengder kopiar samt kopiar av materiale det gjeld innsynsrestriksjonar for, må bestillast. Du må då markere med papirstrimlar kva dokument/sider du ynskjer kopi av og fylle ut ein bestillingsblankett med nøyaktig arkivreferanse, eiga adresse og leveringsmåte. Dersom du ynskjer kopiar av store mengder arkivmateriale, ber vi om at du kontaktar Riksarkivets seksjon for brukartenester spesielt om dette.
Prisar:
- Ordinær pris: kr. 4,- per kopi, levert på papir eller digitalt etter ynskje
- Hovudfagsstudentar: kr.2,- (attest frå rettleiar elller undervisningsinstitusjon må leggjast fram)
- Rettkjende kopiar og attestar: kr. 10,- per side
- Eventuell porto kjem i tillegg
Fotografi og kart
Kopiar av fotografi og kart må bestillast på same måte som kopiar av papirdokument. Fotografen vår tek seg av denne tenesta.
Prisar for fototenester
Prisane gjeld frå 01.09.2003
Fotografi
1-4 digitalfoto kr. 125,-, deretter kr. 5,- per stk. Dette gjeld ubehandla billedfil i 72/300 dpi. Vi leverer filane som e-post (maksimalt 5 Mb per bestilling) eller på CD-ROM.
- Skalering
Skalering til ein bestemt storleik kr. 10,- per opptak. Dersom storleiken ikkje er oppgitt, blir filane leverte i 1:1 inntil A4-størrelse (i 300 dpi).
- Retusj
Enkel retusj kr. 25,- inkludert farge og kontrastkorrigering. Omfattande retusj kr. 150,- per påbegynt ½ time. Dette må avtalast med fotografen.
- Farge/svart-kvitt- kopiar (digiprint)
Vi leverer berre kopiar som farge/svart-kvitt-print frå digitalfotograferte dokument, fotografi og teikningar.
13x18 cm......................kr. 55,-
18x24 cm......................kr. 85,-
24x30 cm. (el.A4)..........kr. 125,-
30x40 cm. (el. A3).........kr. 195,-
Prisane gjeld frå 01.09.2003.
Almenne føresegner
Ekspresstillegg (berre etter avtale med fotografen):
-innan 24 timar tillegg 100%
-innan 48 timar tillegg 50%
For fotografi til kommersiell bruk kan det komme pristillegg
-Bestillingar blir utførte etter skriftleg rekvisisjon
-Blankett får du hos inspektøren på lesesalen
- Bestillinga må vere nøye spesifisert slik at rekvirenten får rett produkt
Det er ikkje tillate å offentleggjere fotografi utan å oppgi kjelde.
Når fotografi eller fotografikopi blir publisert, skal namnet til fotografen oppgis, om det er råd.
Eiga fotografering
Publikum kan fotografere arkivmateriale med eige digitalkamera. Det er fotoriggar på lesesalen til slik bruk. Kravet er at materialet er fritt tilgjengeleg og i ein slik stand at det toler den belastinga som fotograferinga medfører. Arkivpersonalet vurderer dette. Fotografi, kart og dokument på pergament er døme på materiale som ein ikkje får løyve til å fotografere på lesesalen.
