I Riksarkivet og Statsarkivet i Oslo kan du bruke unikt og uerstatteleg arkivmateriale. Lesesalen er også felles arbeidsplass for mange. Derfor er det nødvendig å ha reglar som vernar om arkivmaterialet og sikrar gode arbeidsforhold for alle.

Lesesalsreglement

Gjeldende frå 29. august 2005

1. Opphald i bygningen

  • Lesesalsgjester skal melde seg i resepsjonen for registrering både når dei kjem til bygningen og når dei forlet den.
  • Ved første gangs besøk skal lesesalsgjesten få eit eige inngangskort som skal visast fram ved seinare besøk.
  • Dokumentmapper, større handvesker, plastposar og liknande, skal innleverast i resepsjonen.
  • Notatar, pc og anna arbeidsmateriell kan takast med inn på lesesalen. Resepsjonsvakta har høve til å kontrollere dette ved utgangen. Gjesten bør seie frå til vakta dersom dokument som kan forvekslast med arkivsaker blir tekne med til lesesalen.
  • Yttertøy skal hengast i garderoben der det er låsbare skap.
  • Lesesalsgjester har tilgang til vestibyle, utstillingsavdeling, ekspedisjonsareal og lesesal, dessutan kantine. Dersom gjester ynskjer å få kontakt med personale andre stader i bygningen, må dei vende seg til arkivekspedisjonen eller resepsjonen for å få hjelp.
  • Gjester kan ta med seg eigen mat og drikke til kantina. Det er ikkje tillete å ete eller drikke andre stader.
  • Det skal vere stille på lesesalen. Vis omsyn ved bruk av pc. Mobiltelefonar skal vere av, også i ekspedisjonsområdet utanfor lesesalen.

2. Utlån til lesesalen

  • Arkivsaker som skal brukast på lesesalen blir bestilte på www.arkivportalen.no . Arkivsaker som ikkje finst på Arkivportalen kan bestillast på eigen papirblankett i ekspedisjonsskranken. Skrankevakta gir hjelp og rettleiing. Lesesalsvakta tilviser lesesalsplass.
  • Personalet i biblioteksskranken gir rettleiing om trykt litteratur og tek imot bestillingar på bøker. Det er eigen blankett for bokbestilling. Det er ikkje høve til å låne bøker med heim.
  • Bestilte  arkivsaker og bøker blir leverte på  lesesalsplassen. Etter bruk skal gjesten sjølv levere inn materialet til lesesalsinspektøren som kryssar av for innleveringa på bestillingsblanketten. Anna kvittering blir ikkje gitt. Arkivmaterialet kan etter ynskje reserverast for inntil ei veke.
  • Bruk av kopiert arkivmateriale  m.m. ( innbundne papirkopiar, mikrofilmar og mikrofilmkort) skal skje i samsvar med tilvising frå lesesalsinspektøren. Publikum skal sjølv ta fram og setje tilbake trykte bøker som er oppstilte på lesesalen

3. Bruk av arkivsaker

  • Arkivsaker skal handsamast med varsemd. Dei må ikkje brukast som skriveunderlag og det må ikkje setjast merke i dei.
  • Det er ikkje tillate å fjerne noko frå arkivsakene. Arkivsakene kan berre takast med bort frå den tilviste plassen dersom ein treng hjelp i arkivekspedisjonen i forbindelse med innhaldet. Lesesalsinspektøren må då få beskjed.
  • Arkivsaker må ikkje komme i uorden. Det er berre tillate å ha eit avgrensa tal protokollar eller øskjer på arbeidsbordet samtidig. Berre ei øskje eller ein pakke kan opnast om gongen. Rekkefølgja på innhaldet må ikkje endrast. Dette gjeld også ved kopibestilling. Gjesten bør av eiga interesse melde frå til lesesalsinspektøren dersom saker er i uorden.
  • Vis respekt for det som er skrive. Noter alltid kvar opplysningane blir henta frå. Gjester som får tilgang til materiale det gjeld innsynsrestriksjonar for, har sjølve teieplikt, jfr. forvaltningslova § 13 e. Allment gjeld at ein ikkje skal føre vidare opplysningar som kan skade, krenke eller såre andre.

4. Bestilling av kopiar

Sjå eiga rettleiing.

5. Bruk av lesesalsplass

Lesesalsplassane er til bruk for gjester som nyttar arkiv og biblioteksmateriale. Plass kan ikkje reserverast. Ved kø vil bruken av leseapparat for mikrofilm/-kort kunne bli tidsavgrensa.

6. Brot på reglane

Dersom det skjer alvorlege brot på reglane kan vedkomande nektast  tilgang til lesesalen. Tjuveri og skadeverk blir politimelde.