Arkivet til Turistforeningen har mange fotografi frå den siste stølsgenerasjonen i Suldal. Her er budeia Eldri Stråbøe (1876 – 1956) og hjelparane hennar på Stråpastølen i 1930-åra. Eldri stølte i om lag femti år og var ei av dei siste budeiene i Suldal. Foto: Gunnar Wareberg, Stavanger.
Dei eldste fotografia til medlemmene av Turistforeningen viser korleis byfolk tok i bruk fjellheimen som turmål og fritidssyssel, både sommar og vinter. Etter at årsmeldinga kom som årbok frå 1915 vart motivvalet utvida. Med artikkelen «Inn i Ryfylkes kultur» i 1916, kom det kulturhistoriske innslaget inn i årboka. I 1920-åra var rutenettet i Ryfylkeheiane godt utbygd med fleire hytter. Medlemmene kom i nærkontakt med dei lokale bøndene. Dei leigde stølshus i påsken og hjelp til kløvjing av utstyr og proviant.
Dei fleste fotografia frå låglandet viser landskap og bygningsmiljø. Men det finst også nokre av enkeltpersonar i arbeid og fritid. Her er Johan Kirstian Sæbø (1842 – 1931) ved hoggestabben heime på Fogn i Finnøy. Foto: Truleg Johan N. Figved, Stavanger.
Fotografia frå 1920- og 1930-åra viser korleis fjell og vidde var ein viktig del av nærningsgrunnlaget til folk i Ryfylke. Dermed er desse verdifulle i dag. Dei fortel om den siste generasjonen som brukte utmarka intensivt i landbruket, både til slått, støling, jakt, fangst og fiske.
Dette fotografiet frå 1930-åra av den gamle lensmannsgarden på Regeland i Sokndal er ein fin representant for det rike kulturhistoriske innslaget i arkivet til Turistforeningen. Foto: Otto Floor, Stavanger.
Det kulturhistoriske innslaget i årbøkene omfatta også fotografi av landskap og arbeidsliv i låglandet, både i Ryfylke og på Jæren. Sidan kom også dei andre delane av fylket. Årboka for 1928 vart den første av fleire tema-årbøker. Ideen var at årboka etter kvart skulle presentera rikt illustrerte artiklar om alle bygder og byar i Rogaland. Dermed er det fotografiske materialet frå 1930-åra ganske omfattande i arkivet til Turistforeningen.
Årboka for 1936 hadde Nordre Ryfylke med Haugesund og Karmøy til tema. Dermed var det tur til Haugesund og Karmøy i 1935 for å fotografera til årboka. Her har leiaren, Otto Floor, fotografert medlemmer på Risøyferja i sentrum av Haugesund. Ferja vart erstatta av Risøybrua i 1939. Foto: Otto Floor, Stavanger.
Jærstrendene var ikkje interessante som turist- eller turmål dei to første ti-åra etter 1887. Som turområde og som fotomotiv høyrer Jæren til andre generasjonen i historia til Turistforeningen, nett som kvinnene. Frå rundt 1910 og framover kom det fleire postkortseriar med motiv frå strendene i Ogna, Klepp og Sola. Dette viser Solastranda og var produsert av bokhandlarfirmaet Johs. Floor. Foto: Truleg Otto Floor, Stavanger.