Noko for alle

Anten du er skuleelev som skal skrive særoppgave, masterstudent eller forskar vil du finne noko av interesse i arkiva. Arkiva gjenspeglar samfunnet, og den tematiske breidda er tilnærma grenseløs: politikk, økonomi, teknikk, samferdsel, kultur, sosialhistorie, språk, historia til einskildmenneske og mykje meir.

Er det vanskeleg?

Det er ein del nye omgrep  som må lærast når ein er ny i arkiva, og ein må skaffe seg kunnskap om arkivas struktur og søkjeprinsipp. Det kan følast litt vanskeleg og forvirrande i starten. Men når ein har knekt koda og lært seg handverket, er det eit spennande detektivarbeid!

Husk at arkivstudier tek tid, særleg viss du er ny og urøynd brukar. Men sjølv om leveringsfrista nærmar seg, kan det til dømes vere nyttig å oppsøkja arkivet og finne enkeltdokument som kan brukast som døme og illustrasjonar.

Gotisk handskrift

Skal du bruke eldre arkivmateriale til oppgåva di, må du vere oppmerksam på at det heilt til slutten av 1800-talet vart brukt gotisk handskrift. Denne skriftforma er svært ulik frå dagens skriftform, og er ikkje heilt enkel å lese. Men med litt tålemod går det greitt å lære seg bokstavane. Det finst eigne lærebøker i gotisk handskrift, og det blir òg arrangert kurs i regi av Arkivverket og andre. På Digitalarkivet finn du eit nettkurs i gotisk skrift .

Søk og finn

Det er fleire måter å søkja opplysningar om arkiva våre:

  • I Arkivportalen  kan du søkja opp arkiva våre og finne opplysningar om arkivseriane, og om arkivskaparen og arkivets forhistorie
  • I våre rettleiingssskranker er papirkatalogar oppstilde til bruk for publikum, og personalet i skranken vil svare pådine spørsmål og hjelpe deg på rett spor. Her kan du òg rekvirere arkivsaker til bruk på lesesalen
  • Du kan òg henvende deg til oss med spørsmål på e-post, telefon eller brev
  • Handbok for Riksarkivet og Handbok for brukarar av statsarkiva er nyttige hjelpemiddel for å få eit oversyn over arkiva våre.

Innsyn i opplysningar underlagde teieplikt

Både offentlege arkiv og privatarkiv inneheld ofte personsensitive opplysningar. Slike opplysningar er underlagd teieplikt i minimum 60 år. Som student eller forskar kan du søkja om tilgjenge til slike opplysningar. Sjå sidene om vilkår for innsyn for forskningsføremål, og korleis du søkjer.