Riksarkivet

Riksarkivet i Oslo tek vare på arkiva etter sentrale statlege styresmakter og andre landsomfattande embete og institusjonar. Døme er Regjeringa, departementa, direktorata, Høgsterett og Forsvaret. I tillegg tek Riksarkivet vare på ei stort mengd privatarkiv.

Statsarkiva

Statsarkiva tek vare på arkiv etter lokale og regionale statlege styresmakter og institusjonar innanfor regionen sin. Døme er fylkesmenn, sorenskrivarar, trygde- og sosialkontor, politikammer, prestekontor og høgskular. Statsarkiva *tek òg vare på privatarkiv. Det finst statsarkiv i Hamar , Oslo , Kongsberg , Kristiansand , Stavanger , Bergen , Trondheim  og Tromsø .

Samisk arkiv

Samisk arkiv ligg i Kautokeino og har ansvar for offentlege arkiv av tyding for samisk samfunn, historie og kultur, blant anna arkiv frå Reindriftsadministrasjonen og Sametinget. Arkivet har òg ansvar for samiske privatarkiv, og depotansvar for Kautokeino kommune sine historiske arkiv.

Norsk helsearkiv

Norsk helsearkiv skal etablerast på Tynset. Ordinær drift er planlagt 2012/2013. Arkivet skal vere nasjonalt depot for pasientjournalar og administrative arkiv frå spesialisthelsetenesten, og inngår som ein del av Arkivverket.

Arkivinstitusjonar utanfor Arkivverket

Kommunale og fylkeskommunale styresmakter avleverer ikkje dei historiske arkiva sine til Arkivverket. Dette materialet finn du i interkommunale arkivdepot (IKA) eller i kommunane og fylkeskommunane sine ordinære arkiv. Oslo, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø har eigne kommunale byarkiv.

Nasjonalbiblioteket, musea og ulike kulturhistoriske senter rundt i Noreg tek vare på store mengder privatarkiv med personal-, slekts- og lokalhistorisk materiale.