I 2003 feira vi 400-årsjubileet for den offentlege helsetenesta i Noreg. Det var også temaet for Arkivenes dag det året, og her på sidene viser vi mange av dei dokumenta vi viste fram den gongen.
Dokumentet som låg til grunn for 400-årsjubileet for helsetenesta, er i Riksarkivet. Dr. Villads Nielsen fekk kongeleg løyve 4. juni 1603 og blei Noregs første offentleg tilsette lege. Han hadde gjort ein stor innsats under pesten som herja i Bergen nokre år før. Men han var ikkje den einaste som dreiv med legevitskap verken den gongen eller tidlegare. Det fortel arkivkjeldene oss.
4. juni 1603 utnemnde kong Christian IV doctor Vilhadus Adamius til ordinarius medicus i Bergen. Dokumentet er i ei av kopibøkene i arkivet etter Danske Kanselli. Her kan du sjå nærmare på kva vi fann fram til jubileumsmarkeringa og du får vite meir om kvifor vi viste fram akkurat desse dokumenta. Vi startar her med sjølve hovuddokumentet for helsejubileet. Dersom du vil vite meir, kan du gå vidare frå punkta i høgre meny