Arkitektkonkurranse for å få den vakraste kiosken

Narvesenkiosken på St. Hanshaugen var ein Tyrihanskiosk. 1939 fotograf ukjend. PA-1522 Narvesen. Gamle Kiosker fra hele Norge, Ud_¬139.

Narvesenkiosken på St. Hanshaugen var ein Tyrihanskiosk. 1939 fotograf ukjend. PA-1522 Narvesen. Gamle Kiosker fra hele Norge, Ud_¬139.


Tallause variantar av Narvesenkioskar har prega  jernbanestasjonar, byar og tettstader.

I 1897 utlyste Bertrand Narvesen sin første arkitektkonkurranse for å få dei vakraste og mest oppsiktsvekkjande kioskane. Det blei utarbeidd særskilte krav til korleis kioskane skulle sjå ut, og kvad dei skulle koste. Kioskane skulle mellom anna vere frittståande bygningar med rom for avissal, telefon og brevskriving. Alle rom skulle ha inngang frå gata, og avisseljarane skulle ha oversyn over alle romma.

I arkitetkonkurransen der Tyrihans gjekk av med sigeren, kom det inn 113 framlegg. Tyrihans blei teikna av arkitektane Carl Buch og Lorentz Harboe Ree. Tyrihans vekte oppsyn med elegante detaljar, rosettar og søyler i hjørna. Det blei sett opp ti kioskar av denne typen Tyrihans i hovudstaden. Seinare kom det også versjonar av Tyrihans kring i andre byar. I dag kjenner vi berre til ein bevart Tyrihanskiosk. Den er gjenreist ved Norsk folkemuseum.



.