Brev frå ”kioskdama” i Fredrikstad bykiosk til Bertrand Narvesen 20. April 1900. Pa-1522 Narvesen. Inngående brev 1894-1960, Da 02_03.
Kiosken var også ein arbeidsplass og oftast var det kvinner som arbeidde som seljarar. Først på 1970-talet blei det vanlegare med menn som ekspeditørar i kioskane. I internmagasinet til Narvesen ”Mellom oss” er det skrive mykje om kioskdamene og arbeidet deira. I nr. 95 står det: ”Damen i kiosken har kontakt med omverden gjennom den lille luken. I de aller fleste tilfeller er denne kontakten ervervet gjennom års arbeid, et gjensidig tillitsforhold mellom ekspeditrisen og hennes kunder.”
Det var ikkje vanskeleg for Narvesen å rekruttere ekspeditriser, for plasssen i luka var ettertrakta. Men arbeidet krevde sitt. I ”Mellom oss” nr. 12 frå 1959 er det ramsa opp alt kva ei kioskdame skulle kunne. Ho måtte vere innstilt på at kundane hennar alltid hadde det travelt, telje nysendingar, pakke returar, føre lister, svare på spørsmål som omfatta geografi, portotakstar, telefonnummer og mykje meir.
I begynnelsen vende kioskdamene seg direkte til Bertrand Narvesen med spørsmåla sine om oppgjer, retur, timelister og anna. I arkivet er det fleire brev og annan korrespondanse som kan fortelje korleis arbeidsdagen til ekspeditrisene i dei ulike kioskane kring i landet var.