Den som får innsyn i materiale underlagd teieplikt blir alltid beden om å underskrive ei særskilt fråsegn før vedkomande får bruke det aktuelle arkivmaterialet. Ein skriver då under på at ein kjenner sin eigen teieplikt i samband med at ein får sjå opplysningar underlagd teieplikt. Dette innebærer at:
- opplysningar underlagd teieplikt skal kun brukast i den utstrekning det er nødvendig
- ein pliktar å hindre at andre får åtgang eller kjennskap til opplysningar underlagd teieplikt
- opplysningane skal ikkje brukast eller videreformidles slik at det kan skade, krenkje eller såre nokon identifiserbar person
- det er ikkje tillatt å ta kontakt med dei personane som opplysningane underlagd teieplikt gjeld
I tillegg kan det settast ulike vilkår til innsynsvedtaket. Det kan dreie seg om kven som har ansvar for opplysningane, kven som har åtgang til dem, samt oppbevaring, tilbakelevering eller tilintetgjering av eventuelle kopiar.
Føresegnene om forskarars teieplikt og behandlinga av opplysningar underlagd teieplikt
finnes i forvaltningslova § 13 b, § 13d og § 13e, samt forskrift nr. 1456 av 15.12.2006 til forvaltningslova. Sjå lenkene til lova i høgre meny. Dei aktuelle føresegnene er også gjengitt på baksida av fråsegnsskjemaet. Det er viktig å lese og sette seg inn i disse.
Brudd på teieplikta kan straffast med bøter eller fengsel i inntil 6 måneder, jf. straffelovas § 121.
