Les meir om vilkåra for innsyn for forskningsføremål .

Hugseliste

Her er ein hugseliste for forskarar og vidarekomne studenter som ønskjer innsyn i materiale underlagd teieplikt:

  • søknaden må vere skriftleg og signert
  • søknaden må gjelde eit spesifisert materiale. Spesifisering gjer du ved å ved å søkje i Arkivportalen eller ved gjennomgang av papirkatalogane på våre lesesalar. Det gis ikkje innsyn i andre delar av arkiva enn det som er nødvendig i forhold til oppgåva
  • søknaden må innehelde ein kort prosjektbeskriving som gjer rede for prosjektets innhald og mål, omfang og varigheit, forskningsmetodar og kjelder som er tenkt brukt i prosjektet, samt om resultata skal publiserast, eventuelt i kva form
  • forskforskarar må oppgi vitskapeleg stilling, eventuelt på annan måte dokumentere sin forskarkompetanse
  • studentar må leggje ved stadfesting frå sin faglege rettleiar. Denne gir deg i tillegg halv pris på eventuelle kopiar

Kven sendast søknaden til?

Søknader om innsyn for forskningsføremål avgjerast alltid av Riksarkivaren. Dersom saka gjeld materiale i eit statsarkiv, sendast søknaden til det aktuelle statsarkiv, som behandler saka. Statsarkivaren vil så gi ei innstilling til Riksarkivaren.

Teieplikt

Dei som får innsyn i materiale underlagd teieplikt har sjølv teieplikt, jf. forvaltningslova § 13 e. Det må også underteiknast ei fråsegn om teieplikt .

Innsynets varigheit

Innsyn i eit bestemt materiale underlagd teieplikt gis som hovudregel for eit begrensa tidsrom, for eksempel tre år. Ein forutsett då at det aktuelle prosjektet vil vere fullført innafor den gitte tidsrammen. Dersom arbeidet tek lengre tid, må det sendast fornya søknad.

Kopiar

Spørsmålet om å levere kopiar av materiale underlagd teieplikt er ei eiga sak som avgjerast uavhengig av det faktum at forskaren har fått innsyn i materialet.