Sperrefrist på arkiv
Det er den enkelte opplysning som er underlagd teieplikt, ikkje dokument, mapper, arkivboksar, serier eller heile arkiv.
Ofte er det vanskeleg å skilje dokument som inneheld opplysningar underlagd teieplikt frå dokument som er offentleg tilgjengeleg. Når vi veit at det finnast opplysningar underlagd teieplikt i et materiale, kan det derfor bli satt sperrefrister på heile arkivboksar, serier eller arkiv. Først når nokon ønsker å bruke materialet, kan vi gå gjennom og vurdere om det kan gis innsyn i opplysningane, så sant omfanget ikkje er for stort.
Sperrefristens lengde
Det er satt ulike sperrefrister for kor gamle opplysningar underlagd teieplikt må vere før materialet kan brukast fritt på våre lesesalar. Reglane om dette finnast dels i særlover som statistikklova, dels i forskrifter gitt med heimel i forvaltningslova. Her følgjer ein kort gjennomgang av hvilke frister som gjeld for ulike typer materiale:
- 60 års sperrefrist er hovudregelen for sensitive personopplysningar og forretningshemmeligheiter, jf. forvaltningslova § 13 c. Det er då opplysningens alder ein snakkar om. Sidan mange offentlege arkiv inneheld personopplysningar, må du altså være førebudd på at det kan vere sperrefrist på materiale yngre enn 60 år. Dei fleste arkiv eldre enn 60 år er opne for bruk.
- 80 års sperrefrist kan gjelde opplysningar underlagd teieplikt i straffesaker, fengselsarkiv og helsearkiv. Riksarkivaren gjer vedtak om dette i kvart enkelt tilfelle med heimel i forskrift nr. 1456 av 15.12.2006 (forvaltningslovforskrifta).
- 1 00 års sperrefrist gjeld for for eksempel opplysningar i adopsjons- og barnevernssaker, jf. forvaltningslovforskrifta. Fristen gjeld også statistisk grunnlagsmateriale med personopplysningar innsamla med heimel i statistikklova, som for eksempel dei statlege folketeljingane.
