Her er det tale om leit etter identitet ut frå klare personlege velferdsgrunnar. Som regel har ein også rett til å få slike opplysningar frå våre arkiv dersom dei er der. Dette kan gjelde:
- personar som ikkje kjenner sine biologiske fedre
- personar som er blitt adopterte bort i tidleg barndom
- krigsbarn, altså personar fødde under 2. verdenskrig med tyske fedre
- romanifolk som blei tekne frå foreldra sine som barn
På desse sidene vil du finne informasjon om aktuelt arkivmateriale og korleis du bør gå fram for å finne fram til eventuelle opplysningar om biologisk opphav.
For mange som ikkje er fødde og oppvaksne i ein vanleg familiesituasjon, er opplysningar om eige biologisk opphav såpass ømfintleg at ein ikkje kan la kven som helst få tilgjenge til dei.
Les her om korleis du søker tilgang til opplysningar som det gjeld teieplikt for .
