Dersom du ønsker å dokumentere din fartstid, kan det vere aktuelt å kontakte Riksarkivet. For at vi skal finne dei nødvendige opplysningane, må du oppgi fullt navn, også tidlegare navn om navnet er endret, fødselsnummer og noverande adresse.

Pensjonstrygden for sjømenn  har eit elektronisk medlemsregister som i prinsippet inneheld all pensjonsgivande fartstid for sjømenn født etter 1942, og informerer alle sjømenn om opptent fartstid og pensjonsrett i god tid før fylte 60 år. Det vil berre i unntakstilfelle være aktuelt for den enkelte å dokumentere sin fartstid ytterlegare.

Mannskap på fiskefartøy har innbetalt til Garantikassen for fiskere , og må vende seg dit for opplysningar om fartstid og pensjon.