Helsevesenet

1. januar 2002 overtok Staten ansvaret for alle dei tidlegare fylkeskommunale og kommunale sjukehusa. Alle offentlege sjukehus er nå organisert i 4 statlege helseføretak.

Riksarkivet har motteke arkivmateriale frå sjukehus som var statlege også før sjukehusreforma. Blant desse kan nemnast Rikshospitalet og Radiumhospitalet. Statsarkiva har motteke nokre arkiv frå statlege sjukehus rundt om i landet. Du bør kontakte det aktuelle sjukehuset viss du er interessert i opplysningar om ditt eige sjukehusopphald, det kan være at dokumenta er bevarte der.

Arkiva etter distrikslegane og pasientjournalar for statlege heimar innan omsorga for psykisk utviklingshemma blir avleverte til statsarkiva.

Trygdevesenet

Landets trygdekontor er statlege og arkiva blir etter kvart avleverte til statsarkiva. Det varierer ein god del i kva grad saksmapper for enkelte trygda personar er avlevert til statsarkiva. Dessutan skal ikkje mappene for alle personar bevarast for evig.

Riksarkivet har motteke arkiva etter det tidligare Rikstrygdeverket (RTV), som var sentral instans med ansvar for gjennomføring av trygdeordningane. RTV blei i 2006 slått saman med Aetat og kommunenes sosialtjenester til Arbeids- og velferdsetaten (NAV).

For sjømannspensjon, se Fartstid for sjøfolk .