Spesialskuler
Det har eksistert ei rekkje ulike former for spesialskular opp gjennom tidene. Det har vore skular for blinde og svaksynte, døve og tunghørte, evneveike (før 1951 kalt åndssvakeskular), for talehemma og for barn og ungdom med tilpasningsvanskar (før 1951 kalt skuleheimar).
Arkiva
Dei fleste av disse skulane har vore eigd av staten. Ei rekkje av skulane har etter kvart avlevert sine arkiv til eit statsarkiv eller til Riksarkivet. I tillegg har sentrale myndigheiter ført kartotek over elever ved spesialskulane. Disse er til dels avlevert til Riksarkivet, medan nyare materiale fortsatt finnast i departementet.
I vår oversikt over spesialskulearkiv ser du kva for ein institusjon du skal vende deg til for å få informasjon om skulegang. I tillegg til arkiv etter sjølve spesialskulane, kan det òg finnast dokumentasjon om elevforhold i arkiv etter sentraladministrasjonen.
Personsensitive opplysningar
Vær merksam på at denne type arkivmateriale er personømfintleg og dermed ikkje fritt tilgjengeleg. Sjå her for informasjon om korleis du går fram for å få innsyn i opplysningar underlagd teieplikt .
