Personellmapper
Riksarkivet har større samlingar personellmapper for militært mannskap. Disse inneheld normalt rulleblad og helsekort. Hvis mannskapet har vore sikkerhetsklarert, vil klareringsbevis normalt også ligge der. For befal inneheld mappene også normalt dei siste tenesteutsegna, og det finnast i nokre høve korrespondanse. For menige som har vore i FN-tjeneste i Libanon (UNIFIL) finnast det i tillegg ein ”dimisjonskonvolutt” med kontraktsdokument.
- For mannskap fødd før 1941 har vi normalt papir på befal i hær og luftforsvar, så sant disse har vore i alliert teneste under krigen eller i teneste etter krigen. Mapper på befal i sjøforsvaret finnast også, men meir mangelfullt. Mapper på menige finnast berre unntaksvis.
- For mannskap fødd i perioden 1941-1948 har vi normalt papir på befal i hæren og flyvåpenet samt de fleste av de menige.
- For mannskap fødd i perioden 1949-1957 har vi papir på befal i hæren og flyvåpenet som var sletta av rullane før ca. 2005. Vi har også mapper på nesten alle menige.
- For mannskap født 1958 og seinare er normalt Vernepliktsverket på Hamar rette vedkomande. Riksarkivet har her berre papir på nokre av dei mannskapa som blei kjent udyktige på 1980- og 1990-tallet i Nord-Norge og på Sørlandet.
For alle periodane gjeld det at det ikkje finnast papir på mannskap som blei kjent udyktige på sesjon eller som blei dimittert som udyktige frå rekruttskolen. Papir mangler også på eit større antal mannskap som blei dimittert som udyktige under teneste, både førstegangsteneste og repetisjonsøvingar. Disse papira antas å ha blitt makulert av Forsvaret. For mannskap som er overført til Heimevernet kan personellmapper fortsatt vere oppbevart i HV-avsnittet.
Innsyn
Ved førespurnader om innsyn/kopiar, må du oppgi fullt navn, også tidlegare navn om navnet er endret, fødselsdato, militær grad og våpengren.
Teieplikt
Rulleblad, tenesteutsegn og korrespondanse kan innehalde personopplysningar underlagd teieplikt. Helsekort inneheld alltid opplysningar underlagd teieplikt. Opplysningar underlagd teieplikt vil normalt berre kunne utleverast til den personen opplysningane gjeld.
