Behandling av søknader om statsborgarskap, søknader om opphalds-og arbeidsløyve og asylsaker har skjedd i ei rekkje statlege institusjonar opp gjennom åra. I tillegg har nye institusjonar oppstått som følgje av myndigheitenes arbeid med å finne boligar og arbeid til dei nye innvandrarene, og integrere dei i det norske samfunnet.

Utlendingsforvaltninga blei kraftig utbygd i åra etter 1945. For å lette arbeidet med å finne fram i arkiva, har Riksarkivaren utarbeida ein samla oversikt over den sentrale statlege utlendingsforvaltninga. Rapporten kan lastas ned:

Den sentrale statlige utlendingsforvaltningen 1945-2008

Pr. 2010 er statsborgarskapsaker avlevert til Riksarkivet til og med 1984. Personmappene frå Statens Utlendingskontor er avlevert til og med 1977. For nyare saker, må førespurnaden rettast til Utlendingsdirektoratet (UDI), som i 1988 overtok behandlinga av saker om statsborgarskap, opphald, visum og asyl.