7. desember 2012: Meir nye data frå kyrkjebøker er på plass i Digitalarkivet. Knut Røysland  har sendt oss meir data frå Øvrebø i Vest-Agder, medan Statsarkivet i Bergen  har registrert frå fleire stader i landet. Både Røysland og Statsarkivet registrerer for 1814-prosjektet  og har konsentrert seg om kyrkjebøker frå perioden 1801-1814. Dei fem nyaste kjeldene finn de til høgre. Gå til Siste 100  for fullt oversyn.

30. november 2012: Riksarkivet  har skanna heimstavnsregister for perioden 1881-1916 frå arkivet etter Oslo fattigvesen  og eit utval oppmålingsprotokollar frå Finnmark  . Desse er no tilgjengelege i Digitalarkivet.

25. november 2012: Nye kyrkjeboksdata er på plass i Digitalarkivet.   Me har no lagt ut 56 lister frå ymse kyrkjebøker. Jostein Mediaa  i Digitalpensjonatet står også denne gangen for ein stor del av dataa, men Registreringseininga til Digitalarkivet i Stavanger , i tillegg til Statsarkivet i Bergen, Knut Røysland og Molde-avdelinga til DIS-Møre og Romsdal, har fått ut nokre av sine innsende bidrag. Dei nye bidraga og lenker til søkjesider for kvar av dei, er tilgjengeleg på Siste 100 i Nyhendearkivet . Dei fem øvst på lista er også tilgjengeleg i Sist utlagde i feltet heilt til høgre her på sida. Me vil samstundes seie oss leie for at det går litt tid mellom kvar av publiseringane, me set vår lit til at mykje av det me har i kø kjem ut før jul!

9. november 2012:  Statsarkivet i Bergen har skanna tre adressebøker frå Sjømannsmisjonen i Buenos Aires i Argentina  for perioden ca 1915-1930. Bøkene er lagt ut i BokhyllaLes meir  om Sjømannsmisjonen, adressebøkene og arkivet.

16. oktober 2012: Me har oppdatert dei nye søkjesidene til Digitalarkivet med ny funksjonalitet og data.  I menylinja over finn du nokre nye menypunkt: "Finn kjelde" bringar deg til verktøyet for å leita fram kjelder, medan "Digitalpensjonatet" bringar deg til gjestane våre. Masse kyrkjeboksdata, både nye og gamle er no flytta over til desse nettsidene. Når du no søkjer i fritekstfeltet over, eller går til det avanserte søket, vil du søkja gjennom tilnærma ti millionar personpostar. Me anbefalar å ta ein titt iveiledningsteksten for søking  - der finn du eit oversyn over nokre av dei søkjevala du har. Meir informasjon om programvareoppdateringa kjem onsdag.

25. september 2012:  Riksarkivet har skanna og publisert ekstraskatten frå 1762 . Dei har óg laga ei nettutstilling  som fortel om bakgrunna for skatten og kva for informasjon du kan forventa å finna i denne kjelda.

14. september 2012 : Riksarkivet har skanna  futerekneskapane til og med 1695 for heile landet. 

17. august 2012:  Testområdet for det nye Digitalarkivet, BetaDigitalarkivet, er betydeleg oppdatert med meir funksjonalitet og ikkje minst data. Fleire lister frå folketeljinga 1801 er på plass, men det er særleg mykje kyrkjeboksdata som er kome til. Nesten alt av innsende kyrkjeboksbidrag til Digitalpensjonatet frå oktober og fram til april er publisert på testområdet. Det er mogeleg å søkja gjennom alt av data, berre kyrkjeboksdata, ein listetype frå ei kyrkjebok, eller berre ei bestemt kyrkjebok. Kjeldeframfinningsverktyet Finn kjelde, kan nyttast for å leita fram kjeldene, men du kan også gå rett til søkjeskjemaa i lista til høgre. Følg med på oppdateringar og delta i diskusjonen . Spørsmål og evt. feil kan også rapporterast direkte til Digitalarkivet  .

5. juli 2012:  Riksarkivet har digitalisert og gjort tilgjengeleg minnemateriale etter 22. juli  .

23. mai 2012:  Statsarkivet i Stavanger har fått skanna og publisert eit utval petroleumsarkiv frå norsk oljeindustri.

16. mai 2012:  Skanning og publisering av futerekneskapa er igang. Rekneskapa for Østfold og Akershus er publisert og det vert lagt ut materiale for resten av landet så snart det er ferdig. Les meir om prosjektet.

14. mai 2012:  Ny versjon av folketeljnga frå 1865 er no publisert.  Folketeljinga har gjennomgått ein del endringar i oppsettet og mange korrigeringar i innhaldet. Les meir om endringane. Med denne publiseringa vil søk i enkelt og avansert søk leita både i 1865- og 1910-teljinga. Ta i bruk søkjeskjema for kvar av teljingane for å søkja berre i ei folketeljing.

18. april 2012:  Avskrifter av intervju med norske regjeringsmedlem og sentrale aktørar i perioden 1975-1990 er publisert på nettsidene til Arkivverket.

10. april 2012:  Avtalen om bruk av den eksisterande programvaren for Digitalarkivet gjeld no ut 2012. Samstundes som me held fram med dei gamle nettsidene for Digitalarkivet ut året, arbeidar me intenst med å få den nye løysinga for nettsidene på plass. Testområdet, BetaDigitalarkivet, er oppdatert med komplette data frå 1865-teljinga og dei data me har tilgjengeleg frå folketeljingane 1870, 1875, 1885 og 1891. I tillegg har me lagt ut Finn kjelde og Digitalpensjonat-sidene. Desse er ikkje ferdig utvikla enno, og det kjem til endringar og meir funksjonalitet.

5. mars 2012: Fleire utskriftshefte for 1910-teljinga er publisert. No er nær sagt alle kommunar frå folketeljinga for 1910 tilgjengeleg som hefte i pdf-format. Dei kan lastast ned gratis. Hefta inneheld lister over bustader og personar, og er utstyrt med register over førenamn, etternamn, bustad og fødestad. Byane Kristiania, Bergen, Stavanger og Trondheim er for store til at det er formålstjeneleg med eit stort hefte. Me lagar hefte til mindre område for desse byane etter tinging. 

29. februar 2012:  BetaDigitalarkivet er oppdatert. Tilnærmet alt av kyrkjeboksdata frå dei gamle søkjesidene for Digitalarkivet er no lagt over på beta-servaren. Frå før av ligg heile 1910-teljinga og delar av teljingaene frå 1865 og 1900 der. Alt ligg difor til rette for å testa søk gjennom alle tilgjengelege kjelder. Samstundes er ulike søkjeeskjema tilgjengelege slik at de kan søkja berre blant døypte, vigde, døde, osb. Sjå i kolonna til høgre for direktelenker til desse skjemaa. I søkjeeskjemaa kan de også ta i bruk geografi-menyen for å snevra inn søkjet til eitt eller fleire stader. Meld frå om de oppdagar feil! 
15. februar 2012:  Publisering av data og anna digitalisert kjeldemateriale har vore utsett sidan november i fjor. Me har venta på at dei nye nettsidene skal bli ferdige. Me må diverre venta endå litt til før me kan få lagt ut data. Me ber om orsak for den lange ventetida! Me set vår lit til å få på plass ei publiseringsløysing snart, utan at me kan seie noko meir spesifikt om kva tid det vil skje. 

28. november 2011:  Mellombels stans i publisering av databasar. I første halvdel av desember kjem det nye søkesystemet for Digitalarkivet til å vera klart for å ta imot andre type data enn berre 1910-teljingsdata. Me kjem difor ikkje til å publisera data i det gamle systemet frå no av. Dei data me allereie har fått, kjem i det nye søkesystemet i løpet av desember.

11. november 2011:  DIS-Østfold har fått registrert lister frå kyrkjebøkene for Skiptvet 1794-1814 og Skjeberg 1846-1858, i tillegg til dødfødde for Rygge 1878-1904. Arbeidet er gjort som ein del av samarbeidsavtalen mellom Riksarkivaren og DIS-Norge. DIS-Oslo/Akershus-KROA og Oslo byarkiv har sendt oss meir data av den kommunale teljinga for Kristiania frå 1923. Riksarkivet har ferdigstilt arbeidet med å skanna mikrofilmane av stiftamtstoverekneskapa, desse er no publisert på nettsidene. Frå 15. november slår me av enkelte tenester på nettsidene til Digitalarkivet. Les nyhende for mer informasjon.

8. november 2011:  Digitalarkivets registreringseining på Voss har tasta 1885-teljinga for Molde og Kristiansund i Møre og Romsdal. Rune Bergesen i Bergesen og Stensen har sendt oss kyrkjebokregistreringar for Davik og Selje i Sogn og Fjordane, desse dekker periodane 1761-1815 og 1782-1815. Buskerud slektshistorielag har registrert konfirmerte i Lier i Buskerud 1843-1854. GDS-Hadeland har levert ei større samling vigselsregistreringar for Gran prestegjeld til Digitalarkivet. Databasane dekker perioden 1707-1912. Registreringane er gjort som ein del av samarbeidsavtalen mellom Riksarkivaren og DIS-Norge. 

14. oktober 2011:  Jostein Mediaa har registrert døypte, konfirmerte, vigde og gravlagde i Leka sokn i Kolvereid, Nord-Trøndelag, for perioden 1843-1862. Kjersti Andersen har registrert frå kyrkjebøkene til Oslo Hospital: konfirmerte 1761-1816 og dødfødde 1804-1817. Karin Brekke Aske har sendt oss fleire registreringar frå den evangelisk-lutherske frikyrkja i Brunlanes innanfor perioden 1886-1930: innmelde, konfirmerte og dødfødde. IKA Trøndelag iks har skanna to dagbøker frå lærarfamilien Grøtte i Oppdal i Sør-Trøndelag, fleire generasjonar lærarar skreiv i desse dagbøkene. Dei har og skanna to skuleaviser frå Søndre Rugeldal/Glåmos folkeskule i Glåmos frå 1944-1947. Samstundes har me fått korrekturleste databasar for døypte i Hurum frå 1715-1846. Desse har tidlegare vore under GDS-Buskerud, men ettersom foreninga er nedlagd, er det Hurum historielag som har teke over ansvaret for dataa.Statsarkivet i Bergen har i samarbeid med Postmuseet i Lillehammer skanna postsirkulærer frå 1850-1929. Arbeidet med å tilgjengeleggjere dei er pågåande - årgangane vil koma på ei eiga nettside .

30. sep. 2011:  Arne Arvid Rasmussen har laga register til året 1812 frå domboka for Bergen Stiftsoverrett. Statsarkivet i Bergen har skanna boka og ho er også tilgjengeleg på nettsidene våre. Mette Værnes har registrert databasen døypte i Ytterøy prestegjeld 1756-1817 i samarbeid med Ytterøy historienemnd. Erlend Eriksen Mæhlum har skanna og registrert innberetningslistene over dødfødslar i Buksnes og Vågan prestegjeld for perioden 1831-1841. 

22. sep. 2011:  Hurum Historielag har sendt oss ein database over vigde i Hurum prestegjeld 1910-1924. Hedmark Slektshistorielag har levert ein database over døypte i Brøttum sokn i Ringsaker 1891-1904. Medan Karin Brekke Aske har registrert dissentarar i Brunlanes prestegjeld, meir spesifikt frå den evangelisk-lutherske frikyrkja. Kyrkjeboka går frå 1886-1968, men sperrefrister gjer at registreringen berre dekker åra 1886-1930. Databasen over døypte har me korta ned endå meir av omsyn til personvern, no går databasen til og med 1915. Samstundes har me fjerna medisinsk dødsårsak for gravlagde etter 1900.

6. sep. 2011: Hedmark slektshistorielag  har sendt oss ein database over konfirmerte i Stange 1762-1787. Medan Atle Brandsar  har registrert døypte i Lom prestegjeld 1749-1801. Jostein Mediaa  har teke for seg Fosnes sokn i Fosnes prestegjeld 1910-1952 og sendt oss listene for vigde, gravlagde og konfirmerte. Sistnemnde kan me diverre ikkje publisera meir enn til og med 1930 av omsyn til personvernet. Buskerud slektshistorielag  har stått for registrering av manntalslistene for Lier prestegjeld frå prestemanntalet 1663-1666.

29. aug. 2011: Arnstein Slinning har laga ein database over skifte for Sunnmøre 1690-ca. 1886. Grunnlaget for databasen er ei gamal samling av katalogkort frå skifteprotokollane. Registreringsarbeidet er kome i stand etter initiativ frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek. Les meir om arbeidet i dokumentasjonen . Ski slektshistorielag har sendt oss ein database over døypte i Kråkstad sokn i Kråkstad prestegjeld 1893-1931, men av omsyn til personvernet vil me berre publisera dataa fram til og med 1915. Hedmark Slektshistorielag har laga ein database over gravlagde i Stange prestegjeld 1835-1845.

25. aug. 2011:
Digitalarkivets registreringseining på Voss  har sendt oss 1885-teljinga for Stavanger, medan Registreringseininga i Stavanger  har sendt oss 1875-teljinga for Evindvik i Sogn og Fjordane. 

Buskerud slektshistorielag  har registrert gravlagde i Bragernes prestegjeld 1782-1814.

Torleif Odland  har skrive av Landkommisjonens Odelsbok for 1661 for Oddernes i Vest-Agder. 

Jostein Mediaa  har registrert døypte i Leinstrand sokn i Melhus prestegjeld 1862-1886 og 1902-1929, men av omsyn til personvernet har me kun publisert dåpslistene fram til og med 1915.

Rune Bergesen i duoen Bergesen og Stensen har registrert vigde i Sandviken kirke i Bergen for perioden 1912-1954.

12. aug. 2011: Erlend Eriksen Mæhlum  har skrive av innmelde dødde for brigaden Holst som deltok i krigen mot Sverige 1808-1809. Dødsfalla er for perioden april-oktober 1808.
Jostein Mediaa  har registrert døypte for Ranheim sokn i Strinda prestegjeld 1905-1915.
Medan Rune Bergesen  i duoen Bergesen og Stensen har registrert vigde i Domkirken i Bergen for perioden 1912-1953.

9. aug. 2011:
Tom Larsen  har sendt oss eit nytt register til fangealbuma. Denne gongen gjeld det fotograferte fangar på Christiania politikammar 1885-1899. 

Arnstein Slinning  har registrert 1825-teljinga for Ålesund. Han har også skanna teljinga og laga ei redigert utgåve av teljinga med utfyllande detaljar om personane henta frå andre kjelder. Den redigerte utgåva er ikkje med i Databaseveljaren, men tilgjengeleg frå dokumentasjonen til 1825-teljinga  og rommet hans i Digitalpensjonatet. 

5. aug 2011:
Jostein Mediaa  har registrert døypte i Byneset prestegjeld i Sør-Trøndelag for åra 1859-1923, men av omsyn til personvernet har me ikkje publisert åra etter 1915. 

Sidsel Pihl Haugen  har registrert fleire databasar frå kyrkjeboka for Larvik i Vestfold for åra 1814-1825. 

Dag Gurihus  har sendt oss ein database over gravlagde i Søndre Land i Oppland for åra 1847-1877.

2. august 2011:  Bidrag frå gjestane i Digitalpensjonatet stoppa ikkje opp sjølv om me tok litt sommarfri!
Jostein Mediaa  har no runda 300 databasar  frå Sør-Trøndelag med dei siste registreringane som tek for seg døypte i Lade sokn i Strinda 1911-1915 og vigde i Ranheim sokn i Strinda 1905-1941. 

Rune Bergesen  i duoen Bergesen og Stensen har heller ikkje latt seg stoppa av sommarvarmen. Han har registrert gravlagde i Laksevåg i Bergen 1951-1977, vigde i Askøy prestegjeld 1928-1946 og vigde i St. Paul katolske kyrkje i Bergen 1892-1949. Frå Ski slektshistorielag har me fått tilsendt ein database over konfirmerte i Ski sokn i Kråkstad prestegjeld 1893-1917.

14. juli 2011: Jostein Mediaa  har registrert døypte i Lade 1895-1910.

13. juli 2011: Terje Skrolsvik  har registrert konfirmerte i Korskirken i Bergen 1736-1817 og Rune Bergesen  har sent oss vigde i Fana, Årstad og Askøy i perioden 1890 til 1950.

8. juli 2011: J ohn Cyrus  har registrert døypte i Snåsa 1787-1816 og Jostein Mediaa  har registrert døypte i Lade 1878-1894.

7. juli 2011: Kirkebokprosjektet i DIS-Norge  har sendt oss databasar frå Eigersund 1827-1850, Buksnes 1773-1793 og 1860-1861, Øvrebø 1890-1899, Skoger 1862-1872, Nordreisa 1878-1894 og Aukra 1845-1874. Erlend Eriksen Mæhlum har registrert auksjonsprotokollen for Hegge og Frøland sorenskriveri frå 1728-1758.

30. juni 2011: Statsarkivet i Oslo  har skanna sjømannsruller frå mønstringskontoret i Oslo - forløpar til sjømannskontoret - protokollane er frå perioden 1819-1881.

Utskriftsfilene til 1910-teljinga er oppdatert  etter eit rapportert bug som stengde ute alle krinsar med krinsnummer som inneheld bokstavar. Etter avtale med RHD har me også lagt ut utskriftsfiler for deira 1910-data. Med unntak av dei største byane er heile 1910-teljinga no mogeleg å lasta ned som pdf  .

29. juni 2011: John Cyrus  har sent oss trolova og vigde frå Snåsa 1733-1786.

22. juni 2011:  IKA Trøndelag  er ny gjest i Digitalpensjonatet. Dei har skanna møteprotokoll for fattigkommisjonen i Røros frå 1870-1885. Ski slektshistorielag  har registrert dødfødde i Ski 1893-1917.

21. juni 2011:  Vår nye pensjonatgjest John Cyrus  har sent oss gravlagde i Sigdal 1722-1792. 

17. juni 2011: Gjøvik og Toten slektshistorielag  har registrert konfirmerte i Balke, Østre Toten 1914-1927. God helg! 

15. juni 2011: Gunnhild S. Engstad  har registrert vigde i Karasjok 1885-1906 og utflytta frå Kistrand 1899-1907. 
Statsarkivet i Oslo  har skanna ruller frå Oslo sjømannskontor 1877-1948.

10. juni 2011: Norsk Industriarbeidermuseum  er ny gjest i Digitalpensjonatet. Dei har sendt databasen over arbeidarar på Øvre Rjukan 1906-1910. Tom Nilsen har utført registreringsarbeidet. 
Riksarkivet  har skanna matrikkelforarbeidet frå 1723. 

9. juni 2011: Jostein Mediaa  har registrert døypte i Fosnes 1910 til 1915. 
Gunnhild S. Engstad  har sent oss fleire registre frå Karasjok 1885-1906.

7. juni 2011: Oslo/Akershus-KROA og Oslo byarkiv  har oppdatert databasen kommunal folketeljing for Kristiania fra 1923 . Databasen inneheld no over 28 000 namn. I databasen finn ein lenker til dei skanna bileta av teljinga. 
Leif Biberg Kristensen  er ny gjest i Digitalpensjonatet og har sendt oss avskrifter av kyrkjeboka for Solum prestegjeld i Telemark, 1701-1713. Avskriftene er tilnærma fulltekst og me har difor publisert dei som pdf-filer i staden for databasar. 
Erlend E. Mæhlum  har registrert skreddarar og skomakarar i futedøma Rakkestad, Heggen og Frøland, 1749. 
Renathe-Johanne Wågenes  har sendt oss jordebok for Helgeland 1696.

6. juni 2011: Gjøvik og Toten slektshistorielag  har sent oss fleire databasar frå Hoff og Balke sokn i Østre Toten. Erlend E. Mæhlum  har registrert legdsrullar for Overhalla 1723.

3. juni 2011: Jostein Mediaa har registrert gravlagde, inn- og ut-flytta frå Grong, 1880-1926. Steinar Garnes  har sent oss døypte i Haus 1858-1870.

1 . juni 2011:  Gunnhild S. Engstad  har registrert døypte i Karasjok 1885-1906.Torleif Odland har sendt oss skanna bilete av mannskapsrullen for det mandalske kompani i det nedenesiske musketerkorps frå 1820. Statsarkivet i Kristiansand har skanna originalen. Digitalarkivets registreringeining i Stavanger har laga database over 1875-teljinga for 1140 Stjernerø.

31. mai 2011:  Arne Arvid Rasmussen har laga register til dombøkene frå Bergen stiftsoverrett frå åra 1813 og 1817. Statsarkivet i Bergen har skanna protokollane.

30. mai 2011:  Øivind Larsen har sent oss kommunikantar 1800-1821 for Eidsberg. Ny pensjonatgjest, Arnt Landre, har registrert gravlagde i Otterøy 1887-1903.

27.05.2011: Digitalarkivets registreringseining  i Stavanger har sendt oss 1875-teljingar for 1211 Etne, 1223 Tysnes og 1251 Bruvik, alle i Hordaland. Buskerud slektshistorielag  har registrert vigde i Bragernes 1782-1814. Jostein Mediaa  har registrert konfirmerte i Grong 1880-1926 og Statsarkivet i Bergen  har registrert vigde i Røldal 1780-1816.

24.05.2011: Ny pensjonatgjest, Torodd Kinn, har registrert konfirmerte i Kinn 1822-1835.  Jostein Mediaa har sent oss vigde i Grong 1880-1926.

19.05.2011:  Jostein Mediaa har registrert døypte i Lade 1860-1877 og i Grong 1880-1926. DIS Møre og Romsdal har sent oss dødfødde i Veøy 1846-1877.

16.05.2011: Torleif Odland  har skrive av skiftekortsamlinga for Mandal 1674-1784 frå Statsarkivet i Kristiansand, og sendt oss skanna bilete av militære rullar for Kristiansand 1788 og Mandal 1787, Statsarkivet i Kristiansand har skanna kjeldene. Riksarkivet  har skanna fullmaktene og adressane til Eidsvoldsrepresentantane i 1814. Les meir om dei

13.05.2011: Onsøy Historielag  har registrert 1891-teljinga for 0134 Onsøy. Digitalarkivets registreringseining i Stavanger og Riksarkivet   har registrert emigrantar frå Kristiania 1867-1927. Desse emigrantane mangla frå dei to eksisterande databasane i Digitalarkivet.

12.05.2011: Buskerud slektshistorielag   lar registrert konfirmantar frå Lier, konfirmert i Modum Prestegjeld, 1804 og 1805.

11.05.2011: Digitalarkivets registreringseining i Stavanger  har tasta 1875-teljinga for 1130 Strand. Me har òg utvida 1875-teljingslistene for 1212 Skånevik og 1111 Sokndal med kretsane som mangla - no skal dei vera komplette.

15.04.2011: Digitalarkivet tek påskeferie.  Måndag til onsdag er e-post, diskusjonsforum og telefon betent, medan resten av påsken følgjer me med sporadisk. Det kjem ikkje nytt materiale ut før etter påske. Me ynskjer våre brukarar ein riktig god påske!

Ny pensjonatgjest Kjersti Andersen  har registrert gravlagde i Oslo Hospital 1850-1857.

DIS-Salten Slektshistorielag   har sendt databasar over dåpsattestar for Buksnes 1756-1858 og Vågan 1748-1856.

14.04.2011:   DIS-Salten Slektshistorielag  har sendt inn databasar over døypte, vigde, gravlagde og introduserte i Flakstad i Lofoten frå 1792 til 1837. Alle er registrert av Olav Hedne  .

Røyken Historielag, Slekts- og gårdshistoriegruppa  har registrert vigde i Røyken 1783 - 1813.

Kyrkjebokprosjektet i DIS-Norge  har sendt inn databasar frå Skjeberg, Skjervøy og Våle. Her har DIS-Østfold  , DIS-Troms  og DIS-Vestfold  vore med i registreringsarbeidet.  

Statsarkivet i Bergen  har skanna Dombok for Bergen stiftsoverrett 1816  .

13.04.2011: Steinar Garnes   har registrert døypte 1838-1847 i Haus i Holdaland. Jostein Mediaa  har sendt oss døypte i Moholt i Strinda 1907-1915. 

08.04.2011: Statsarkivet i Bergen  har skanna Bilboken for Norge  frå 1922.

Arne Jarlind  har utvida databasen sin over konfirmerte i Askøy sokn i Askøy, nå dekkjer han åra 1903-1925. Tom Larsen  har laga eit fotoregister over fangealbuma frå Botsfengslet i Kristiania 1857-1913.

05.04.2011: Øivind Larsen  er ny gjest i Digitalpensjonatet. Han held på med å laga ein database over kommunikantar i Eidsberg prestgjeld 1800-1821. Åra fram til og med 1803 er no ferdige og publiserte her.

DIS Møre og Romsdal, lokalgruppe Molde  har registrert innflytta til Aure 1878-1886. Jostein Mediaa  har sendt oss døypte i Trondheim domkyrkje 1911-1915.

01.04.2011: Ragnar Bull  er ny gjest i Digitalpensjonatet. Han har skrive av "skulefundassen" for Askvoll prestegjeld frå 1743. I rommet hans i Digitalpensjonatet finn de òg avskrifter av dagbøker frå David Olsson Bakke.

Gunnhild S. Engstad    har registrert gravlagde og dødfødde frå Karasjok - Kárášjohka 1884-1906.

31.03.2011:  Gunnhild S. Engstad har registrert døypte frå Karasjok - Kárášjohka 1843-1884.

30.03.2011: 1910-teljinga er oppdatert med manglande postar for Kristiania og Sandefjord, i tillegg til ei rekkje andre endringar. Sjå detaljar . Programvaren for folketeljinga 1910 er òg oppdatert. Les versjonsdokumentet for meir informasjon.

Samstundes har me lagt ut databasar i Digitalpensjonatet: Oddbjørn Strand-Angermann har registrert konfirmerte i Sande sokn i Sande, Møre og Romsdal for perioden 1884-1901. Åsane Historielag har sendt oss database over soldatar frå Nordhordland som var med i Tytebærkrigen 1788-89.

25.03.2011:  Me har lagt ut bidrag frå gjestar i Digitalpensjonatet, statsarkiv og registreringseiningane våre. Sjå lista i Siste utlagde i høgre marg for direkte lenker. Her kjem status på oppdateringa. Me reknar med det er noko for einkvar - god helg!

Oppdal historielag   har sendt oss avskrift av skifteprotokoll nr 4 for Oppdal, Orkdal sorenskriveri, 1737-1743. 

Arvid Skogseth   har registrert 1875-teljinga for 1245 Sund i Hordaland.

Digitalarkivet si registreringseining på Voss  er ferdig med 1885-teljinga for Sandnes, Skudeneshavn, Kopervik og Haugesund i Rogaland. Medan Registreringseininga i Stavanger  har laga ferdig 1875-teljinga for Skånevik og utvida 1875-teljinga for Sveio slik at databasen no er komplett.

Renathe-Johanne Wågenes   har registrert skatt av leilendinger, husmenn og drenger i Helgeland fogderi 1668.

Statsarkivet i Bergen  har registrert vigde i Luster 1803-1821.

Gunnhild S. Engstad  har registrert fleire registre frå Karasjok - Kárášjohka 1843-1871 og 1872-1884.

Thor Trapness  har registrert fleire registre frå Hurdal prestegjeld.

22.03.2011:Gjøvik og Toten slektshistorielag  har registrert døypte i Balke sokn, Østre Toten 1881-1896  og 1897-1913  .

21.03.2011: Eiker Historielags "gotisk gruppe"  har registrert utflytta frå Fiskum 1878-1889  , 1890-1906  og 1906-1913  . Sven Erik Langseid  har registrert gravlagde i Solum i Telemark 1814-1833  . Buskerud slektshistorielag  har registrert gravlagde i Strømsøe 1752-1791  .

17.03.2011:  Thor Trapness  har registrert kyrkjebøker for Hurdal prestegjeld i Akershus: konfirmerte 1815-1827  , 1828-1845  , 1846-1859  , 1860-1877  og 1878-1900  , og utflytta1828-1845  , 1845-1860  og 1860-1877  , samt gravlagde 1860-1877  .

15.03.2011:  Registreeringseininga på Voss  har registrert 1885-teljinga for Kristiandsand  . Rune Bergesen  har registrert vigde i Nykirken i Bergen 1912-1946  , og i Birkeland i Fana1900-1944  og borgarleg vigde i Midthordland 1920-1948  .
 
14.03.2011:  Gunnhild S. Engstad  har registrert vigde i Karasjok/Kárášjohka prestegjeld1843-1871  . Dag Gurihus  har registrert gravlagde i Nordsinni sokn i Nordre Land prestegjeld1904-1929  . DIS Møre og Romsdal, lokalgruppe Molde  har registrert dødfødde i Nesset/Vistdal 1846-1879