Krav til golv og reolane si bæreevne
Golv og reolar i arkivlokale skal ha tilstrekkeleg bereevne for vekta av arkivmaterialet jf. § 4-4. Rettleiande tal for berekning av vekta til arkivmaterialet er:
| Format |
Hylledybde |
Vekt |
|---|---|---|
| A4 | 32 cm | 60 kg/hyllemeter |
| Folio | 37 cm | 80 kg/hyllemeter |
| Spesialformat | 45 cm | 120 kg/hyllemeter |
I tillegg kommer vekten av reoler og eventuelt annet utstyr i rommet.
Krav til luftfuktighet og temperatur
Arkivforskrifta stiller ikkje spesifiserte krav til klima for dei ulike typane arkivmateriale. Dette skuldast nok delvis at det stadig kjem til nye medium, og at ei slik liste derfor fort kan bli forelda. På den andre sida har det enkelte organ behov for konkrete spesifikasjonar dersom føresegna skal få praktiske konsekvensar. Den følgjande tabellen er sett opp for å avhjelpe dette behovet. Tabellen må reknast som ein rettleiande spesifikasjon. Men det er grunt til å tru at Riksarkivaren vil stille krav som ligg nær desse:
| Medium |
Temperatur |
Fuktinnhald |
Spesielle krav |
|
|---|---|---|---|---|
| Papir | 18 - 22 C | 45 - 55 % | ||
| Mikrofilm (arkivfilm) | 10 - 15 C | 25 -35 % | Lokalet må vere støvfritt. Krev akklimatisering før bruk i vanleg romtemperatur. | |
| Magnetiske databerarar (diskettar, kassettband) | 18 - 22 C | 45 - 55 % | Unngå elektriske installasjonar som kan påverke magnetiseringa av databerarane. Unngå støv og anna forurensning. | |
| Optiske plater (CD/R) | 18 - 22 C | 45 - 55 % | ||
| Fotografie | 15 -18 C | Under 50 % |
|
Sikring mot brann
Arkivlokala skal vere separate einingar eller brannceller. Dette inneber at det skal kunne vere brann utanfor lokalet utan at brannen brer seg til arkivlokalet før etter ei fastsett tid. For å oppnå dette må bygningsdelane som eit minimum bestå av eit lite brennbart materiale.
Krava til brannmotstandsevne er utforma i eit kodesystem som består av følgjande element:
- bokstaven R betyr at bygningsdelar som er berande, skal oppretthalde sin lastberande funksjon
- bokstaven E betyr at bygningsdelane skal motstå brannpåkjenning på ei av sidene utan at brannen smittar igjennom som følgje av gjennomtrenging av flammar og eller varme gassar
- bokstaven I betyr at bygningsdelane skal motstå brannpåkjenning på ei av sidene utan at brannen blir overført til baksida som følgje av omfattande varmeleiining
- eit tal som seier kor mange minutt dei aktuelle bygningsdelane skal oppfylle krava R, E og I
Krava til arkivlokale er som følgjer:
| Type lokaler |
Brannmotstand |
Krav til materialer |
|---|---|---|
| Arkivlokaler i kontorrom | REI 30 | Avgrensa brennbart materiale |
| Spesialrom for bortsetjingsarkiv | REI 60 | Avgrensa brennbart materiale |
| Spesialrom for eldre og avslutta arkiv (depotarkiv) | REI 120 | Ikkje brennbart materiale |
