Privatarkiv er privat eigedom. Organisasjonar eller private bedrifter er ikkje pålagt ved lov å ta vare på arkiva sine, eller avlevere dei til ein arkivinstitusjon. Privatpersonar står også fritt til å kaste arkiva sine, om dei vil.

Bevaring av privatarkiv er difor basert på frivillige avtalar mellom eigarane og ein arkivinstitusjon.

Den som eig eit privat arkiv, lite eller stort, kan ha behov for råd om korleis arkivet skal handteras:

  • Er arkivet verdt å bevare?
  • Korleis organiserer ein eit slikt arkiv?
  • Kan ein levere det nokon stad?
  • Kvar kan eg få hjelp?

Den som har ansvar for eit større bedrifts- eller foreiningsarkiv har heilt andre utfordringar enn den som eig ei samling personlege papir. Vi håpar at desse sidene kan gje svar på dei viktigaste spørsmåla.

Viss du ikkje finn svar på det du lurer på, eller har meir konkrete spørsmål knytta til eigne arkiv, er det berre å ta kontakt med aktuell arkivinstitusjon .