Privatarkiv er arkiv som er skapt i privat sektor. Men privat sektor er så mangt, og omgrepet "privatarkiv" er difor ein temmeleg ueinsarta gruppe arkiv med store innbyrdes skilnader, både når det gjeld opphav, omfang og struktur.
Det er difor praktisk å dela privatarkiva inn i ulike kategoriar etter arkivskapar.
Vanleg inndeling er:
- Bedriftsarkiv
- Organisasjonsarkiv (foreiningsarkiv)
- Institusjonsarkiv
- Personarkiv
- Gårdsarkiv og samlingar
Sjølv om oppgåvane til Arkivverket primært er knytta til dei offentlege arkiva, har vi i tillegg også ei klar forplikting overfor privatarkiv som har mykje å seie for vår historie og vår nasjonale sjølvforståing. Denne forpliktinga kjem til uttrykk blant anna i arkivlova og i Riksarkivarens retningslinjer for arbeidet med privatarkiv.
