Eit arkiv som blir avlevert må gjennom ein prosess før det kan brukast av våre gjester. Arkivet blir fysisk ordna, arkiveinheitene registrert i vår database, og det blir produsert elektroniske og papirbaserte arkivkataloger. I løpet av denne prosessen blir vi gjerne godt kjent med både arkiv og arkivskapar, og ikkje sjelden opplever vi at arkivet kan fortellje ei interessant eller spanande historie, vi kan finne eit morosamt dokument eller vi kan få innsikt i ein arkivskapar som maner til ettertanke, alt etter kva slags arkiv vi har fått inn.

Dette vil vi gjerne dele med andre!
På denne siden vil vi difor presentere nye arkiv som blir klare for bruk. Det kan være eit enkelt dokument, ein faktaopplysning eller kanskje eit helt arkiv som vi gjerne vil fortelje om.

Ofte er det ikkje dei store eller mykje omtalte dokumenta som er dei verkelige skattene i arkivet. Arkivsøkere kan like gjerne falle i staver over eit lite håndskrevet notat eller kanskje ei underskrift som over eit fargerikt pergament eller eit politisk vedtak. Det avhenger av omstendigheitene rundt og ikkje minst av øyet som ser, og med det i bakhodet presenterer vi her likt og ulikt, stort og smått, viktig og trivielt, alt utfra vissheiten om at det som er viktig for deg, kan være heilt likegyldig for meg - og omvendt.

... og vil man gå videre inn i arkiva - nye som gamle - kan man gå til arkivsøket for meir informasjon.