NS-styresmaktene ville ha kontroll og politisk hegemoni på alle nivå i norsk samfunns- og organisasjonsliv. Men alle nyordningstiltaka blei møtte med motstand frå sivilbefolkninga. Quisling-styrets mål var å få flest mulig NS-tru inn i sentrale samfunnsfunksjonar og bemanne viktige underordna posisjonar med NS-lojale. NS freista også å kontrollere informasjonen til befolkninga og med okkupasjonsmakta som meir eller mindre aktiv pådrivar blei det bygd opp eit omfattande sensur- og propaganda-apparat.  Den frie pressa blei knebla og kultur og undervisning blei underlagt politisk og ideologisk kontroll.

Det var sjølsagt uråd å skaffe nok kvalifisert NS-personale til alle offentlege stillingar. I mange sektorar blei det difor krevd lojalitetserklæringar og tvungen innmelding i nazifiserte organisasjonar. Dette førte til mange konfrontasjonar mellom sivilbefolkninga og NS-staten og Quisling-regjeringa sine nyordningsforsøk leid etter kvart nederlag på dei fleste område.

 

Stortinget med tysk banner

Stortinget med tysk banner er henta frå PA-1209/Ue/99/livet i Norge under okkupasjonen