Vil du få dokumentert fartstida di til sjøs?

Les her om kvar du kan få slik informasjon: Fartstid for sjømenn .

Mannskap

Amerikabåten, DNAL Stavangerfjord ved Skagenkaien i Stavanger, ca 1935. SAS PA 1: Anders Bærheims arkiv. Foto: Anders Bærheim

Mannskap til sjøs 1798 - 1988

Sivilt og militært mannskap til sjøs blei registrert  av ulike lokale og sentrale instansar. Her er ei oversikt over rullar og register i Arkivverket.

Sjøutskrivinga

Før 1814 var det ingen eigen norsk marine, berre ein felles dansk-norsk flåte. For å finne personar som var innrullerte i marinen, må ein leite i danske militærarkiv. Frå 1730 blei opplysningar om den mannlege folkesetnaden som som var aktuell for som var aktuell for militær teneste til sjøs ført opp i rullar. Desse rullane  er dels i sjøinnrulleringa sine arkiv, dels i amtmannsarkiva og er avleverte til statsarkiva. Innrulleringsarkiva gir oversyn over deler av den mannlege  folkesetnaden. Rullane har opplysningar om fødselsår og fødestad for kvar einskild som er registrert. Manntalet inneheld dessutan informasjon om fysisk form, sjukdom og lyte til dei registrerte. Innrulleringsmanntala i amtsarkiva går fram til midten av 1800-tallet.

Tollvesenet

Utseglingsbøker

På 1700-tallet førte tollkontora i sjøfartsbyane utseglingsbøker med oversikt over dei skipa som segla ut. Bøkene har opplysningar om når og kvar skipa drog. Bøkene har og opplysningar om kven som var om bord, både mannskap og passasjerar. Det er også notert kvar tid båten kom tilbake. Dersom sistnemnde opplysning ikkje er med, kan det tyde på at båten har forlist. Utseglingsbøkene omhandlar også utanlandske skip.

Tollbøkene

Frå 1798 og litt inn på 1800-talet skulle tollvesenet føre lister over skip og mannskap lengst bak i tollbøkene. Desse tollbøkene er i statsarkiva, men alle er diverre ikkje tatt vare på.

Mønstringskontor og arbeidsformidling

Frå og med andre halvdel av 1800-talet registrerte mønstringssjefane/mønstringskontora sivilt mannskap. På stader der det ikkje var mønstringskontor kunne sjøfolk få hyre gjennom arbeidsformidlinga som førte eigne register over sjøfolk. I 1947 blei mønstringskontora ein del av arbeidskontora. Statsarkiva har motteke sjømannsrullane både frå mønstringskontora og arbeidsformidlinga, og materialet går fram til omtrent 1988.

Private uthyrningskontor

I ein kortare periode fram til 1929 var det også private hyrekontor. Ettersom desse verksemdene ikkje hadde plikt til å avlevere arkiva sine, kan ein ikkje rekne med å finne rullar frå desse kontora i Arkivverket.

Andre register over sjøfolk

Statsarkivet i Trondheim har eit kortregister over skipsførarar og styrmenn i Trondheim på 1800-talet. Det er skipslosen Petter Andreas Gaustad (1872-1930) som har laga oversikten. Registeret blir difor kalla Gaustads register.

Emigrantar

Emigrantprotokollar

Frå 1860-åra skulle politiet føre protokollar over emigrantar. Politiarkiva i statsarkiva har emigrantprotokollar frå perioden ca 1867-1970. Det er her registrert kva fartøy emigrantane reiste med, kvar dei skulle, kvar billetten var betalt, og dessuten opplysningar om emigrantane sin alder, sivilstand og heimstad. Emigrantprotokollane frå perioden 1867-1930 er dataregistrerte og dei er søkbare på Digitalarkivet .

Skipslister

Når emigrantskipa kom i hamn skulle kapteinen levere mottakarlandet lister over alle passasjerane om bord. Mange slike lister kan gjenfinnast i National Archives i Washington. Nokre få finst også i Arkivverket. Dei er dataregistrerte og kan nyttast på Digitalarkivet.no. Det finst også andre nettstader som har passasjerlister, f.eks.  http://www.norwayheritage.com/