Motorvognregister

Kjøyretøy skulle registrerast av politiet og frå 1912 skulle Vegvesenet føre motorvognregister over dei kjøyretøya som politiet hadde registrert. Motorvognregistra kan ein finne i statsarkiva, men eitt av dei –det aller eldste- er i Riksarkivet i arkivet til Vegdirektoratet.

En av Stavangers første biler

En av Stavangers første biler. Fotograf: Hakon Johannessen. SAS-1982-06-021.

Det eldste motorvognregisteret dekkjer perioden 1899-1926 og omfattar kjøyretøy som var registrerte  av Oslo politistasjon. Ettersom dei første bilane som blei innførde til landet kom over Oslo, så finn ein landets eldste bilar i dette registeret som består av to protokollar. Protokollane er skanna og lagt ut på Digitalarkivet –Norges første bilregister. Registra inneheld teknisk informasjon og opplysning om eigarar.

Også politistasjonar utover i landet førte motorvognregister, men mange av desse registra er truleg gått tapt. Dei som enno finst, høyrer med til politikontora sine arkiv i statsarkiva eller til vegkontora sine arkiv samestads.

Nokre statsarkiv har utdrag i kopi av hovedmotorvognregisteret og i enkelte tilfelle finst det også alfabetiske namneregister til desse registra.

Registreringskort for kjøyretøy

Vegkontora tok til med å føre registreringskort over kjøyretøy frå og med 1913. Nokre statsarkiv har motteke slike kort, men mange ligg framleis igjen hos vegkontora.

Korta har tekniske opplysningar som for eksempel fabrikkmerke, understellsnummer, årsmodell, talet på sitjeplassar, talet på sylinderar, akseltrykk m.m. Frå 1920 blei det også skrive kontrollrapportar på baksida av korta. Rapportane fortel om kva som er blitt kontrollert og når. Korta har også informasjon om eigar og kjennemerke tildelt av politiet.

Korleis finne fram til rett registreringskort?

Registreringskorta er ordna enten etter bilregistreringsnummer eller på avregistreringsdato, arkiveringspraksisen har variert omkring i landet. Om du ikkje har registreringsnummeret pål bilen, kan du få det  frå Statens vegvesen region midt (Steinkjer) . Der finst det eit register over bilar frå heile landet. Dersom du har understellsnummeret/chassisnummeret til bilen du er interessert i, kan du henvende deg dit og få opplysningar.

Politiet eller Biltilsynet fører eigarregister og motorvognregister over alle kjøyretøy og kan gje svar på når ein bil er blitt avregistrert.

Kvifor manglar det registreringskort?

Informasjonen på registreringskorta skulle oppdaterast etter kvart som det blei endringar i for eksempel eigartilhøve, kjennemerke eller godkjenning. Når skilta til kjøyretøyet blei innleverte skulle registreringskortet arkiverast. Dersom kjøyretøyet blei seld til eit anna politidistrikt og fekk eit anna kjennemerke, skulle det skrivast ut eit nytt kort og det gamle skulle arkiverast. Denne praksisen blei ikkje alltid fylgd. Det var ikkje uvanleg at gamle registreringskort enten blei sende til nye distrikt eller at kjennemerke- og eigaropplysningar blei skrapa vekk og erstatta med nye.

Anna arkivmateriale om motorkjøyretøy

Enkelte statsarkiv har  teke imot også andre dokument som omhandlar kjøyretøy og desse dokumenta kan vere arkiverte på bilkjennemerke. Det kan her dreie seg om dei opprinnelege meldeskjemaene og dokument som gjeld kjøp og godkjenning av kjøyretøyet. Nytt Arkivportalen og leit deg fram til Vegkontora sine arkiv eller ta kontakt med det aktuelle statsarkivet for meir informasjon om arkivmateriale.

Amtmannsarkiv og politiarkiv

Søknader om kjøyreløyve

Av og til kan ein finne eldre søknader om kjøyreløyve i amtsarkiva eller politiarkiva. Søknadene om kjøyreløyve inneheld som regel detaljerte beskrivelsar av motorvogna, korleis den har vorte testa, kva bruk den var meint for osv. Teikningar finst også med.

Politiet i byane og amtmannen på landsbygda skulle fram til 1912 føre kontroll med motorvogner og sjåførarar og skulle dessutan gi kjøyreløyve. I perioden 1912-1967 hadde politiet ansvaret for desse oppgåvene også i landdistrikta. Politiet og amtmannen har overført det meste av arkiva sine om bilregistrering til Vegvesenet, men det hender at søknader om kjøyreløyve ligg igjen i amtsarkiva eller politiarkiva.