Fotografia blir oppbevarte saman med papirdokumenta dei har tilknytning til, eller dei er lagra for seg i spesialmagasin. Det gjeld både negativ, papirkopiar og lysbilete. Dei eldste fotografia er frå ca. 1860, men dei fleste er frå 1900-talet. Svart/kvitt-teknikkar dominerer, og fargebilete er med få unnatak frå andre halvdel av 1900-talet. Postkort med fotografi som utgangspunkt blir arkiverte som fotografi.
Papirpositiv/kopiar vart laga frå negativ i vekslande tal og format etter behov. Derfor kan same fotografi finnast i fleire eksemplar og i fleire arkiv.
Sjukehusporselen frå Porsgrund Porselensfabrik A/S, 1950-åra. Foto: Teigen. RA PA-0895 Foreningen Brukskunst U48_75_012.
Fotografia er som regel ikkje detaljregistrerte og heller ikkje ordna etter topografi eller emne fordi dei som oftast er del av eit arkiv. Leitinga må derfor starte i arkivkatalogane. Du må fyrst finne fram til kva for ei myndigheit, verksemd, lag eller person som har arbeidd med emnet du søkjer.
Oppbygging av skroget til M/S Marmorfjell ved Kristiansands Mekaniske Verksted. Skipet vart levert i 1965 til Hvide og Schjøtt, Bergen. Foto: Per Moy. SAKR D0612 KMV 1009.
Fotografia er som regel ikkje detaljregistrerte og heller ikkje ordna etter topografi eller emne fordi dei som oftast er del av eit arkiv. Leitinga må derfor starte i arkivkatalogane. Du må fyrst finne fram til kva for ei myndigheit, verksemd, lag eller person som har arbeidd med emnet du søkjer.
Men ikkje alle fotografi er på plass i arkiva. Tidlegare har det hendt at fotografi som høyrer til i statlege arkiv, ikkje er blitt avleverte til Arkivverket, men gjevne til musé eller andre institusjonar.
Både amatørar og profesjonelle fotografar har teke bileta. Namnet til fotografen er ofte ikkje kjent. Dei fleste amatørbileta finn vi i person- og lagsarkiv. Statsarkivet i Stavanger har om lag 20 arkiv etter profesjonelle fotografar. Elles er det berre få fotografarkiv i Arkivverket.
Condeep-betongplattformen Mobil Beryl A under bygging i Åmøyfjorden 1975. Foto: Olaf A. Ellingsen. SAS PA-0405 Olaf. A. Ellingsen 1981-7-112-2
På dei neste sidene tek vi for oss ulike typer motiv og kjeldekritikk . Les også om fotomateriale frå 2. verdenskrig
