Kart og teikningar er historiske kjelder på linje med andre skrivne dokument. I tillegg blir dei ofte brukte som illustrasjonar.
Dei fleste kart og teikningar i Arkivverket dokumenterer ulike administrative tiltak, til dømes forsvarsanlegg, vegar og hamner. Det er viktig å vere klar over kvifor eit kart er laga, fordi det avgjer informasjonen kartet kan gi. Eit kart som er laga i samband med flaumsikring, vil som oftast berre ha med busetnad og andre topografiske detaljar nærast elvefaret. Mange kart viser planar og prosjekt, og du må ofte gå til andre kjelder for å finne ut om dei vart gjennomførte.
Kart og teikningar blir anten lagra for seg, eller dei ligg saman med dokumenta dei høyrer til. Materialet kan vere detaljregistrert i eigne katalogar . Kart som ikkje er tatt ut og lagt i eigne kartsamlingar, må du leite etter i dei vanlege arkivkatalogane.
Allmenne topografiske kart over Noreg og forarbeida til dei finst ikkje i Arkivverket, men i Statens kartverk . Nasjonalbiblioteket har ei fullstendig samling trykte kart over Noreg.
