ENG
BERRE_mann med notatblokk

Arkivutviklingsmidlar 2024

Arkivverket forvaltar prosjekt- og utviklingsmidlar på arkivfeltet. Midlane kjem frå speleoverskotet til Norsk Tipping, og fristen for å søke om tilskot gjekk ut 1.oktober. Det kom inn heile 84 søknader på til saman 27 millionar kroner. No er 15 millionar kroner fordelt!

Arkivverket har i oppdrag å forvalte arkivfeltet sin pott av Norsk tippings speleoverskot. I år er 15 millionar kroner satt av til arkivformål. Frist for å søke var 1. oktober 2024.

Arkivverket mottok 84 søknader på til saman 27 millionar kroner.

Programområda for 2024 er: Ein innovasjonsarena for arkiv og Startskot for tilgjengeleggjering av kulturarv. Tal på søknader og søknadsbeløp fordeler seg på områda som følger:

Søknadar:

 
Søknadar
Søknadsbeløp
Ein innovasjonsarena for arkiv - Arkivspira
34
7,3 mill
Ein innovasjonsarena for arkiv - Arkivveksthuset
6
2,8 mill
Startskot for tilgjengeleggjering for kulturarv
44
17,2 mill

Trykk her for å laste ned fullstendig søkarliste.

 

Tildelingar:

 
Tildelingar
Tildelingsbeløp
Ein innovasjonsarena for arkiv - Arkivspira
19
4,0 mill
Ein innovasjonsarena for arkiv - Arkivveksthuset
4
1,9 mill
Startskot for tilgjengeleggjering for kulturarv
24
9,1 mill

Trykk her for å laste ned fullstendig tildelingsliste.